Vedtak etter pasient- og brukarrettslova kapittel 4A er ikkje søknadspliktige

Helsepersonell i helse- og omsorgstenesta treng ikkje søke Statsforvaltaren om tvangsvedtak, ettersom dei sjølv har mynde til å fatte vedtak etter pasient- og brukarrettslova kapittel 4A.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 31.01.2020, Sist endret 23.08.2021

Vi har oppdaga at det er ei oppfatning hos fleire i helsetenesta at dei skal søke Statsforvaltaren om tvangsvedtak. Dette stemmer ikkje. Når helsetenesta har fatta eit tvangsvedtak etter kapittel 4A, har dei grunnlag til å bruke tvang for å få gjennomført helsehjelpa så lenge vilkåra for dette er oppfylt.

Helsetenesta har fått mynde til å fatte vedtak om tvang etter pasient- og brukarrettslova kapittel 4A. Dette kapittelet gjeld tvang overfor somatisk sjuke som manglar samtykkekompetanse og som motset seg helsehjelpa. Statsforvaltaren skal ha kopi av vedtaket frå helsetenesta, jf. pasient- og brukarrettslova § 4A-6.

Dette er til forskjell frå vedtak etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 (tvang og makt overfor personar med psykisk utviklingshemming), der ein skal søke til Statsforvaltaren om tvangsvedtak.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner