Gulen Fiskeforedling AS søkjer om løyve til ny fiskeforedlingsverksemd i Gulen
- Høringsfrist:
- 15. juli 2023 23:59
Verksemda søkjer om løyve etter forureiningslova til nytt produksjonsanlegg for slakting, filetering og frysing av oppdrettsfisk i Skipavika Næringspark i Gulen kommune.
Bakgrunn for saka
Søknaden gjeld løyve til forureining i samband med mottak, slakting og vidareforedling av matfisk. Råstoffet omfattar både laks produsert i eige RAS-anlegg og eksternprodusert laksefisk og torsk. Verksemda budsjetterer med eit produksjonsvolum på totalt 63 000 tonn råstoff per år. Det nye slakteriet vil bli bygt med ein slaktekapasitet på 300 tonn råstoff per døgn, noko som svarar til om lag 249 tonn slakta og hovudkappa fisk (HOG) på ein normal produksjonsdag med to skift. Verksemda skal også filetere/vidareforedle inntil 20 000 tonn prosessert/vidareforedla produkt per år.
Produksjonskapasiteten for ferdig produkt vil overstige 75 tonn/døgn som er grensa for om verksemda må ha utsleppsløyve etter forureiningslova. Produksjonen blir samstundes omfatta av EU sitt industriutsleppsdirektiv (IED) og vert med det underlagd dei bindande utsleppsgrensene (BAT-AEL) fastsette i BAT-konklusjonane som gjeld for næringsmiddelproduksjon (Food, Drink and Milk – FDM). Desse nye krava gjeld frå 4. desember 2023.
Prosessavløpsvatnet, inkludert vaskevatn frå produksjonen, er planlagt reinsa med grov- og finfiltrering ved høvesvis 800 µm og 300 µm, feittutskiljing ved flotasjon (DAF) og desinfisering med eigenprodusert klorhaldig oksidant før utslepp på om lag 25 meters djupne like nord for anlegget, ca. 35 søraust for Rørvikneset. RAS-anlegget har tidlegare fått løyve til utslepp av reinsa avløpsvatn frå akvakulturproduksjonen i det same området. Gulen Fiskeforedling AS sin utsleppsleidning vil bli lagd parallelt med RAS-anlegget sin leidning og vil ha utsleppspunkt 10-20 meter unna utsleppspunktet til RAS-anlegget.
Naturmangfaldet i området har tidlegare vorte kartlagt i samband med søknaden om løyve for RAS-anlegget og etableringa/utvidinga av Skipavika Næringspark. Det er i tillegg utført førehandsgranskingar, inkludert straummålingar og modellering av innblandinga av utsleppet i vassmassane i området rundt utsleppspunktet.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta ligg til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan sendast til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2022/16492. Frist for å gi fråsegn er 15.juli 2023.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høringsfrist:
- 15. juli 2023 23:59
Kontaktpersoner
-
Grete Hamre
Tlf: 57 64 31 41