Skjønnsmidlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt for 2021
Fylkesmannen har sett av skjønnsmidlar for 2021 til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane i Vestland.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 08.12.2020
Det vert éi utlysing av fornyingsmidlane og søknadsfristen er sett til mandag 1. mars.
Fylkesmannen har fastsett føringar for midlane etter retningsliner frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. For 2021 er det sett opp følgjande søknadsføremål:
- Kommunale tenester til helse og omsorg
- Kommunale tenester til barnehage og skule
- Kommunal tenesteutvikling for utsette barn og unge
- Digital forvaltning, der samarbeidsprosjekt mellom mange kommunar blir prioriterte
- Interkommunalt planarbeid
- Samfunnstryggleik og beredskap
- Klima- og miljøutfordringar knytte til klimaomstilling, tap av naturmangfald, eit giftfritt miljø eller endringar i havmiljøet
I menyen til høgre finn du utsendt brev til kommunane med nærare orientering om fornying og innovasjon i offentleg sektor for 2021, og retningslinjene frå KMD. Du finn og lenke til portalen Prosjektskjønn, som skal nyttast til innsending av søknader og til rapportering på prosjekt.
Kontaktpersoner
-
Marit Lunde
Tlf: 57 64 30 05 / 95 06 29 35 -
Håvard Rød
Tlf: 55 57 21 43 / 95 80 97 40