Bremanger kommune med godkjent budsjett og økonomiplan
Kommunestyret sitt opphavlege vedtak om budsjett 2019 og økonomiplan 2019–2022 vart ikkje godkjent av Fylkesmannen. Budsjett og økonomiplan er behandla på nytt i to kommunestyremøte, 19. juni og 7. november. Kommunen er innmeldt i Robek, og det er det siste vedtaket som no er godkjent.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Bremanger kommune har gjennom året motteke auka inntekter i drifta og ekstra inntekter frå Havbruksfondet og erstatningar, netto til saman 25 mill. kroner. Dette gjer at kommunen no kan vedta eit driftsbudsjett i balanse. I tillegg er det vedteke å selje kommunale eigedomar for 7,3 mill. kroner, slik at investeringsbudsjettet blir fullfinansiert. Kommunen har gjennom dei siste ti åra hatt store utfordringar med inndekking av underskot etter Terra-sakene. Derivatavtalane med Danske Bank varer fram til 2036, og gir framleis finansiell risiko. Prognosen for 2019 er eit verditap på 6,5 mill. kroner. I tillegg kjem manglande budsjettert positiv verdiendring på 3 mill. kroner, slik at negativ verknad samanlikna med budsjettet kan bli 9,5 mill. kroner for avtalane.
Slik Fylkesmannen vurderer økonomien til kommunen er hovudproblemet likevel at dagens drift går i ubalanse, med 17 mill. kroner i 2017, 9 mill. kroner i 2018 og ei prognose på 8 mill. kroner i 2019. Hovudutfordringa for Bremanger kommune er difor å skaffe balanse i drifta. Ein stor del av meirinntektene går med til å dekkje meirforbruket i drifta. Slike ekstra inntekter skulle fullt ut vore nytta til inndekking av akkumulert underskot, som er på 21,8 mill. kroner. Det ligg ein risiko i at dersom ubalansen i drifta blir ført vidare i 2020, så klarar ikkje kommunen å dekkje inn resten av underskotet slik som planlagt i 2020. Konsekvensen vil då bli at Bremanger er Robek-kommune også etter 2020. Det er difor nødvendig at kommunestyret gjer vedtak om tiltak som sikrar realistiske budsjettvedtak og balanse i drifta frå 2020.
Av ei investeringsramme i 2019 på 31 mill. kroner har vi godkjent låneopptak for 18 mill. kroner og leigeavtalar over fem år for tre bilar.