Digitalt grunnkurs i økonomisk rådgjeving
- Dato:
- 28. oktober 2020 08:45 - 29. oktober 2020 14:00
- Sted:
- Digitalt - via Microsoft Teams
- Arrangør:
- Fylkesmennene i Trøndelag og Vestland i samarbeid med Fylkesmennene i Rogaland, Møre og Romsdal, Nordland og Troms og Finnmark
- Målgruppe:
- Tilsette i Nav med brukarkontakt og nytilsette spesialistar i Nav innan økonomisk rådgjeving (økonomisk rådgjevar/gjeldsrådgjevar)
Fylkesmannen inviterer til digitalt grunnkurs i økonomisk rådgjeving 28-29. oktober 2020. Grunnkurset retter seg mot tilsette i Nav med brukarkontakt og nytilsette i Nav som skal jobbe innanfor økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving.
Målet er at tilsette i Nav som tek grunnkurset skal kunne gje økonomisk rådgjeving på eit generelt nivå.
Grunnkurset er ein del av Fylkesmannens kursrekkje innan økonomisk rådgjeving, og det andre kurset i ei rekkje på tre; basiskurs, grunnkurs og vidaregåande kurs. Om tidspunktet for dette kurset ikkje passar, arrangerer vi tilsvarande grunnkurs 3-4. november 2020.
Kvifor tilbyr vi dette kurset?
Økonomisk rådgjeving er ei lovpålagd individuell teneste etter sosialtenestelova § 17. Tenesta er ei av kjerneoppgåvene i Nav-kontoret, og tilsette i Nav-kontora treng grunnleggjande kunnskap om tenesta og aktuelle tema for å kunne gi generelle råd å rettleiing og for å kunne vidareformidle personar med større problem til ein spesialist innan økonomisk rådgjeving.
Mange kan ha økonomiske problem sjølv om dei ikkje gir uttrykk for det. Difor er det viktig at tilsette i Nav har kunnskap om økonomisk rådgjeving om dei avdekker slike problem.
Kva skal du sitje att med etter grunnkurset?
- Kjennskap til når brukar kan få tenesta økonomisk rådgjeving.
- Auka kjennskap til rolla som økonomisk rådgjevar.
- Kunnskap om dei ulike nivåa for rådgjevinga.
- Kunnskap om korleis hjelpe brukar med personleg økonomi.
- Kjennskap til heilskapleg løysing v brukar sin gjeldssituasjon.
- Hjelpe med førespurnad til Namsmannen om utleggstrekk og utleggspant.
- Kjennskap til pengekrav, misleghald og forelding.
Forkunnskap
Kjennskap til modulen «Råd og veiledning av brukere med økonomiske problemer»
Praktisk informasjon
Om du har delteke på grunnkurs i økonomisk rådgjeving tidlegare, er du ikkje i målgruppa for dette kurset og vil ikkje bli prioritert. Om du er usikker på om du er i målgruppa, ta kontakt med kontaktperson for ditt fylke:
- Troms og Finnmark: Ingunn Andlaug Dahlen
- Nordland: Vanja Ailin Os
- Trøndelag: Daniel Bergamelli
- Møre og Romsdal: Aud Randi Brattbakk
- Vestland: Inger-Helene Søgnen
- Rogaland: Inger Karin Brekke
Kontaktinformasjon fin du under fana «Kontaktpersonar».
Føredragshaldarar på grunnkurset er Daniel Bergamelli, Fylkesmannen i Trøndelag og Inger-Helene Søgnen, Fylkesmannen i Vestland.
Kurset er digitalt og går via Microsoft Teams. Påmeldte får tilsendt lenkje før kurset til e-postadressa som er registrert i påmeldingsskjemaet.
Program for samlinga finn du under fana "Dokument".
Fylkesmannen sitt kurstilbod innan økonomisk rådgjeving
På grunn av koronasituasjonen, held vi kursa i økonomisk rådgjeving digitalt denne hausten. Vi held felles digitale kurs for fylka Troms og Finnmark, Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland. Som deltakar melder du deg på det kurset som passar best for deg.
Fylkesmannen tilbyr tre typar kurs innan økonomisk rådgjeving: basiskurs, grunnkurs og vidaregåande kurs.
- Basiskurset er eit heilt grunnleggjande kurs for deg som arbeider i Nav og andre tenester med å hjelpe menneske som kan få eller har økonomiske problem
- Grunnkurset er eit grunnleggjande kurs for deg som arbeider i Nav med å hjelpe menneske.
- Det vidaregåande kurset er et kurs for deg som er tilsett i Nav og arbeider med økonomisk rådgjeving eller gjeldsrådgjeving.
I haust tilbyr vi desse kursa:
- Grunnkurs i økonomisk rådgjeving 28-29. oktober 2020
- Grunnkurs i økonomisk rådgjeving 3-4. november 2020
- Vidaregåande kurs i økonomisk rådgjeving 16-17. november 2020
- Vidaregåande kurs i økonomisk rådgjeving 23-24. november 2020
- Dato:
- 28. oktober 2020 08:45 - 29. oktober 2020 14:00
- Sted:
- Digitalt - via Microsoft Teams
- Arrangør:
- Fylkesmennene i Trøndelag og Vestland i samarbeid med Fylkesmennene i Rogaland, Møre og Romsdal, Nordland og Troms og Finnmark
- Målgruppe:
- Tilsette i Nav med brukarkontakt og nytilsette spesialistar i Nav innan økonomisk rådgjeving (økonomisk rådgjevar/gjeldsrådgjevar)