Prosjektutviklingsseminar om tiltaksutvikling i barnevernet

Dato:
18. mars 2021 09:00 - 15:15
Sted:
Teams (digital samling)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og styringsgruppa for læringsnettverket for barneverntenestene i Vestland.
Målgruppe:
Leiarar og tilsette frå barneverntenestene, prosjektgruppene, KS, Bufetat, brukarorganisasjonar og kompetansemiljøa.
Påmeldingsfrist:
16. mars 2021 23:59

Læringsnettverket for barneverntenestene i Vestland inviterar alle som er interessert i utviklingsarbeid retta mot utsette barn og unge, hjelpetiltak og tidlig innsats til digital samling. Påmeldinga er open og programmet er klart. 

Publisert 10.02.2021, Oppdatert 10.02.2021

Som ein del av førebuingane til barnevernreforma samarbeider mange av kommunane i Vestland om ulike utviklingsprosjekt for å sikre tilgang på best moglege hjelpetiltak til utsette barn, unge og deira familiar. Samlinga tek sikte på å bidra til erfaringsutveksling mellom prosjekta, og inspirere endå fleire kommunar til å komme i gang med sine førebuingar. Dei seks pågåande utviklingsprosjekta vil fortelje om sine prosjekt og seie litt om kva dei har erfart så langt.

Samlinga skal også være ein stad der ein kan etablere kontakt med andre kommunar og kompetansemiljø som ynskjer å samarbeide om utviklingsarbeid.

På samlinga vil Bufdir snakke om sine forventningar til kommunane kring førebuingar til reforma, med særleg fokus på hjelpetiltak og samarbeid. Styringsgruppa har også invitert NORCE RKBU Vest til å orientere om det arbeidet som er i gang knytt til utvikling og pilotering av ein heilskapleg grunnmodell for hjelpetiltak i barnevernet. I tillegg vil Forandringsfabrikken saman med advokat Grethe Gilstad snakke om barns prosessrettar, og ein jurist frå Statsforvaltaren vil gå gjennom relevant lovverk og forvaltningsrett.

På slutten av dagen er det sett av tid til at kommunane kan dele gode døme frå eigen praksis. Gje ein lyd til arrangør om du har noko du ynskjer å fortelje dei andre kommunane i Vestland om, eller om du kjenner til andre som gjer noko bra eller spennande som du ynskjer å høyre meir om.

Styringsgruppa vil informere om planlagde aktivitetar i læringnettverket, fristar for å søke om nye tilskotsmidlar og vidare planar kring å førebu barnevernreforma. Det vil òg bli høve til å stille spørsmål kring utviklingsarbeid til Bufetat, Statsforvaltaren og kompetansemiljøa.

Dato:
18. mars 2021 09:00 - 15:15
Sted:
Teams (digital samling)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og styringsgruppa for læringsnettverket for barneverntenestene i Vestland.
Målgruppe:
Leiarar og tilsette frå barneverntenestene, prosjektgruppene, KS, Bufetat, brukarorganisasjonar og kompetansemiljøa.
Påmeldingsfrist:
16. mars 2021 23:59