Nettverkssamling for økonomisk rådgjeving

Dato:
15. mars 2023 09:00 - 11:30
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve
Påmeldingsfrist:
14. mars 2023 12:00

Samlinga blir på Teams og du kan melde deg på no. 

Publisert 15.02.2023, Oppdatert 06.03.2023

Nettverkssamlingane for økonomisk rådgjeving er ein fagleg møtestad og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve.

Tema denne gangen blir tvangssal av bustad. Vi får eit innlegg av Medhjelperforeningen ved styreleiar Christian Grahl-Madsen. Han vil snakke om prosessen, milepålar og samarbeid mellom skuldnar og medhjelparen.

Påmelding og oppkoplingslenkje

Påmelding til samlinga skjer via skjemaet under. Stadfesting på påmelding sender vi til e-posten du har registrert i skjemaet. Påmeldingsfristen er 14. mars klokka 12.00.

Ved å melde deg på, samtykkjer du til at namn og e-postadresse kan bli synleg i Teams-møte og i Outlook-invitasjonen. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Innan 14. mars klokka 15.00 sender vi ut møteinnkalling med oppkoplingslenkje til nettverkssamlinga i Teams til e-posten du har registrert.

Dato:
15. mars 2023 09:00 - 11:30
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve
Påmeldingsfrist:
14. mars 2023 12:00

Kontaktpersoner

Lenker