Få informasjon om Inn på tunet rett i innboksen
Lurer du på kva som skjer med Inn på tunet om dagen? Du kan få aktuell informasjon fire gonger i året gjennom Nytt frå Inn på tunet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Me får stadig førespurnader frå ulike grupper, både kjøparar og tilbydarar, noverande og framtidige, om kva som rører seg på Inn på tunet områda, og kvar ein kan finna aktuell informasjon om det.
Me hjå Statsforvaltaren sender, i samarbeid med Fagforum Inn på tunet Vestland, ut infobrev til ulike kjøpargrupper, tilbydarar av Inn på tunet tenester og alle andre som er interesserte. Her får du informasjon om kva som rører seg innanfor Inn på tunet; lokalt, regionalt og nasjonalt. Eksempel på saker er forsking- og utvikling som omhandlar Inn på tunet, nye initiativ frå kommunar, oppdatering og endring av regelverk og presentasjon av Inn på tunet-tilbod.
Det er for tida mykje som skjer. Ny handlingsplan for Vestland er under utarbeiding, det kjem ny nasjonal kommunikasjonsstrategi og det vert utarbeida ulike verktøy for kjøp av Inn på tunet-tenester.
I infobrevet finn du denne informasjonen samla, og du får innblikk i arbeidet som skjer ute i dei enkelte kommunane, sist frå felles informasjonsmøte i Kvinnherad kommune.
Om dette høyrest interessant ut kan du melda deg på ved å senda e-post til ragna.flotve@statsforvaltaren.no.
Kontaktpersoner
-
Ragna Flotve
Tlf: 55 57 21 72