Gulrot i Bergen - gulrot i verda

Gulrot i Bjørnafjorden, foto: Simon Wolff

EU-prosjektet MAREA vert avslutta i Bergen. Eit høgdepunkt på samlinga vert ein open «multiplayer event» på Lystgården 18.august. Velkomen til ei spennande nettverkssamling om urbant landbruk!

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.08.2022, Sist endret 02.08.2022

Program for "The taste of urban farming – multiplayers meeting" 18. august

Obs! Det vil vere avgrensa med plassar. Send ein e-post til Dirk om du er interessert.

Om MAREA

MAREA står for "Multifunctional Agriculture: Rural Education for Action" og speglar målet med prosjektet: Å bidra til berekraftig livsstil gjennom auka kunnskap og deling av erfaringar. Samarbeidslanda er Belgia, Tyskland, Italia, Kroatia og Norge. MAREA rettar seg inn på fire tema: Sosioøkologisk landbruk – alt heng saman med alt, berekraftig reiseliv, bevaring og formidling av tradisjonell kunnskap og tilhøvet mellom by og landbruk.  

Nettverksbygging

Internasjonale prosjekt bidreg til kunnskapsdeling på tvers av landegrenser og skapar gode og varige nettverk. Statsforvaltaren i Vestland har delteke i EU-prosjekt i ei årrekkje. Vi har mykje å lære av kvarandre, og har stor nytte av dette samspelet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.