Meldeskjema for fiskeforedlingsverksemder
Verksemder som foredlar fisk, skjell, blautdyr og skalldyr skal i god tid før oppstart eller endring sende melding til Statsforvaltaren. Meldinga skal sendast på standard skjema.
Forureining frå fiskeforedlingsverksemder er regulert av forureiningsforskrifta kapittel 26.
Meldeplikt for fiskeforedlingsverksemder
Verksemder med nye anlegg eller utvidingar/endringar skal i god tid før oppstart/endring sende inn utfylt skjema til Statsforvaltaren. På skjema som du finn til høgre på sida skal ein informere om verksemda, planstatus, produksjonsdata, reinseanlegg, utslepp til vatn, støy og lukt.
Verksemda kan starte opp, endre eller utvide i samsvar med eigen melding når det er gått 6 veker etter at meldinga er stadfesta motteken av Statsforvaltaren, med mindre vi avgjer noko anna.
Gjeld verksemder av ein viss storleik
Skjemaet gjeld for fiskeforedlingsverksemder som bruker 50 tonn råstoff eller meir per år eller produserer inntil 75 tonn/døgn ferdig produkt og som har utslepp til sjø.
Nokre anlegg må ha utsleppsløyve
Statsforvaltaren kan på bakgrunn av meldinga, eller andre tilhøve på staden, avgjere at verksemda må ha utsleppsløyve etter forureiningslova. Verksemda kan då ikkje starte før eventuelt løyve er gitt.
Kontaktpersoner
-
Grete Hamre
Tlf: 57 64 31 41