Nye utsleppskrav til næringsmiddelindustrien
Industriutsleppsdirektivet (IED) er tatt inn i norsk lovverk mellom anna i kapittel 36 i forureiningsforskrifta. Målet med direktivet er å redusere forureining og gi like konkurransevilkår for europeisk industri.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
BAT-konklusjonar og BREF-dokument
Verksemder som er omfatta av industriutsleppsdirektivet (IED) skal regulerast med utgangspunkt i dei beste tilgjengelege teknikkane for bransjen, kjent som BAT-konklusjonar. For næringsmiddelindustrien er det utarbeidd eit eige dokument som skildrar desse beste teknikkane, saman med bindande utsleppsnivå (BAT-AEL, BAT-Assosicated Emission Levels). Verksemder som er omfatta av IED må overhalde dei bindande utsleppnivåa (BAT-AEL), anten ved bruk av beste tilgjengelege teknikkar (BAT), eller andre teknikkar som gir like god eller betre utsleppsverdiar.
Dokumentet som set føringar for bransjen er eit BAT-referansedokument, også kalla ein BREF.
Statsforvaltaren må sikre at løyve etter forureiningslova gitt til verksemder som er omfatta av referansedokumentet for næringsmiddelindustri er i samsvar med dei bindande utsleppsnivåa. Dette må vere på plass seinast fire år etter BAT-konklusjonane vart publisert. Frist for gjennomgang og oppdatering av løyve for verksemder omfatta av IED i næringsmiddelindustrien er dermed 4. desember 2023.
Unntak frå kravet om å tilfredsstille BAT-AEL
Dersom å halde dei bindande utsleppsgrensene vil føre til urimeleg store kostnader samanlikna med miljøfordelane, kan miljøstyresmakta ved særlege høve gjere unntak frå kravet og setje mindre strenge utsleppsgrenser. Unntak kan berre gjerast med bakgrunn i geografisk plassering/lokale miljøtilhøve og/eller tekniske tilhøve ved anlegget, jf. forureiningsforskrifta § 36-15 fjerde ledd.
Statsforvaltaren si rolle
Når vi gir løyve etter forureiningslova til verksemder omfatta av IED må vi setje vilkår som samsvarar med dei bindande utsleppsnivåa, BAT-AEL. Dette skal sikre at utsleppa under normale driftstilhøve ikkje overstig dei fastsette grensene. Utsleppsgrensene er gitt som konsentrasjonsgrenser og skal målast som mengdeproporsjonale døgnblandeprøvar.
Statsforvaltaren har kartlagt kva verksemder som har produksjonskapasitet som gjer at dei er omfatta av IED. Dei har blitt bede om å utarbeida ei BAT-utgreiing, kor dei har vurdert sine egne aktivitetar mot dei beste teknikkane som gjeld for bransjen slik dei er skildra i BREF-dokumenta. Ut i frå tilbakemeldingane vi har motteke, har vi vurdert om verksemdene sine løyve treng å bli endra og har no sett i gang ein prosess for å oppdatere desse slik at vilkåra er i samsvar med dei bindande utsleppsgrensene.
Kva verksemder er omfatta av BAT-konklusjonane?
BAT-konklusjonane for næringsmiddelindustrien gjeld for verksemder som handterer og bearbeider animalske og/eller vegetabilsk råstoff og mjølk med sikte på framstilling av næringsmiddel eller fôr, med ein produksjonskapasitet over eit gitt nivå. jf. forureiningsforskrifta kapittel 36, vedlegg I punkt 6.4 b) og c).
Vanlegvis er produksjonsramma i eit utsleppsløyve gitt som årleg produksjon (eks. tonn/år). For å avgjere om verksemda er ei "IED-bedrift" må ein derimot sjå på verksemda sin produksjonskapasitet gitt i tonn per døgn opp mot grensene gitt i vedlegg I til forureiningsforskrifta kapittel 36.
IED erstattar IPPC-direktivet
Industriutsleppsdirektivet (IED) erstatta IPPC-direktivet (Integrated Pollution Prevention and Control), som i si tid vart etablert som ei samordning frå EU for å minimere forureining frå industrien.
Dette er ein del av Statsforvaltarens arbeid med FNs berekraftsmål
Kontaktpersoner
-
Grete Hamre
Tlf: 57 64 31 41
Ordliste
Forkorting | som betyr: |
IED | Industriutsleppsdirektivet, EU sitt reiskap for å regulere forureining frå industri, integrert i mellom anna forureininsforskrifta i 2016 |
BAT | Beste tilgjengelege teknikkar (Best Available Techniques) som gir minst belasting på miljøet |
BREF | BAT-referansedokument, som inneheld ei oversikt over dei beste tilgjengelege teknikkane |
BAT-AEL | Bindande utsleppsnivå (BAT-associated emission levels) |
FDM | Næringsmiddelindustrien (Food, drink and milk industries) |