Kartlegging av naturtypar i Vestland 2023
Sommaren og hausten 2023 blir det gjennomført naturkartlegging i delar av Fitjar, Luster, Sogndal, Stad, Stryn og Øygarden kommunar. Kartlegginga er ein del av ei nasjonal satsing for å betre kunnskapsgrunnlaget om norsk natur og ta betre vare på arts- og naturmangfaldet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kvifor kartlegg vi naturtypar?
Målet med kartlegginga er å få på plass kartfesta informasjon om kvar det finst naturtypar som er viktige for artsmangfaldet, til bruk i mellom anna arealforvalting. Stadfesta informasjon om natur som er tilgjengeleg tidleg i ein arealplanprosess, vil gjere det lettare å ta omsyn. I tillegg kan det bidra til meir effektivitet og føreseielegheit i planprosessar. Kartlegginga kan òg vere nyttig for grunneigarar som ønskjer å søke om tilskot til skjøtsel av truga naturtypar i kulturlandskapet.
Kva skal kartleggast?
Kartlegginga skjer etter NiN-systemet (Natur i Norge), eit standardisert system for kartlegging av natur i Norge. Miljødirektoratet har vurdert 111 naturtypar som særleg viktige for naturmangfaldet og som derfor skal kartleggast. Mange av desse er raudlista i Norge, medan andre er viktige leveområde for truga og nær truga artar.
Statsforvaltaren har på oppdrag frå Miljødirektoratet, foreslått område for kartlegging av naturtypar i 2023. Forslaga følgjer i grove trekk innspel Statforvaltaren har fått inn frå kommunane. Det er lagt vekt på område med utbyggingspress og område der ein trur det kan finnast truga eller særleg viktige naturtypar. I tillegg må områda vere minst 10 kvadratkilometer store. Miljødirektoratet har brukt forslaga frå Statsforvaltaren som grunnlag for si prioritering av område for kartlegging. Kartlegginga blir utført av fagbiologar.
Kartlegging i Vestland i 2023
Det skal kartleggast område i seks kommunar i Vestland i 2023 (sjå lenke til kart i høgremenyen). Resultata frå kartlegginga vil etter kvart bli allment tilgjengelege i Naturbase våren 2024.
Kommune |
Område som skal kartleggast |
Fitjar |
Frå Fitjarvika i nord til Sjåbuholmen/Straumholmen i sør, og frå Kråko i vest til Sæterbø i aust. |
Luster |
Eit område rundt Gaupne Eit område rundt Hafslovatnet (omfattar også eit område i Sogndal kommune, nord for Årøy) |
Stryn |
Eit område på nordsida av Nordfjorden, frå Hennebygda i Stad kommune i vest til Faleide i aust |
Stad |
Hjelmelandsdalen Eit område frå Hennebygda til kommunegrense mot Stryn |
Øygarden |
Sotra nord: Frå Ågotnes i nord til Telavåg, Trengereid og Haganes i sør, og frå Algrøyna i vest til sørlege del av Litlesotra. |
Ferdsel på innmark
All ferdsel i samband med kartlegginga vil skje i tråd med friluftslova sine reglar om ferdsel og god ferdselskultur.
Der det skal undersøkast område på innmark, til dømes gammal, ugjødsla beitemark eller slåttemark, kan det vere behov for ferdsel på innmark. Om det er spesielle omsyn som må takast i samband med slik ferdsel, eller du ikkje gir samtykke til ferdsel på di innmark, kan du ta kontakt med Statsforvaltaren før kartlegginga startar (ca. 1. juni).
Kartlegging i verneområde
Delar av nokre verneområde blir kartlagt i 2023:
- Del av Yddalen naturreservat, Bjørnafjorden kommune
- Del av Buer landskapsvernområde, Kvinnherad kommune
- Del av Bondhusdalen landskapsvernområde, Kvinnherad kommune
- Uranes naturreservat, Kvam og Voss kommunar
- Arnafjorden i Stølsheimen landskapsvernområde, Vik kommune
- Dyrdal i Nærøyfjorden landskapsvernområde, Aurland kommune