Konsekvensutgreiing
Ny KU-forskrift trådde i kraft 1. juli 2017, og erstatta to tidlegare forskrifter om konsekvensutgreiingar for planar etter plan- og bygningslova og forskrift om konsekvensutgreiingar for tiltak etter sektorlover.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Forskrift om konsekvensutredninger
Kommuneplanar
Arealdelen til kommuneplanen og kommunedelplanar skal alltid konsekvensutgreiast, jf. KU-forskrifta § 6, bokstav a.
I kapittel 5 i forskrifta går det fram kva eit planforslag med konsekvensutgreiing skal innehalde. Konsekvensutgreiinga skal tilpassast plannivået og vere relevant for dei avgjerder som skal takast.
For arealdelen til kommuneplanen er det berre dei delane av planen som gir rammer for framtidig utbygging, og som inneber endringar av gjeldande plan, som skal utgreiast. Verknadene av dei samla arealbruksendringane for miljø og samfunn skal også utgreiast.
Rettleiar om konsekvensutgreiing av arealdelen til kommuneplanen
Reguleringsplanar
Ei viktig endring er at reguleringsplanar for nye område for bustader- og fritidsbustader som ikkje er i samsvar med overordna plan (nr. 25 i vedlegg I) alltid skal konsekvensutgreiast, jf. Ku-forskrifta § 6, bokstav b.
Det er også gjort endringar i kva for planar og tiltak som skal konsekvensutgreiast utan krav om planprogram. Reguleringsplanar for tiltak i vedlegg II skal konsekvensutgreiast hvis dei kan få vesentlege verknader etter § 10, men skal ikkje ha planprogram eller melding.
KU-forskrifta for planar etter plan- og bygningslova sorterer under Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD)
Krav til kvalitet og innlegging av data i offentlege databasar
Det er krav om at konsekvensutgreiingar skal gjennomførast etter ein anerkjent metodikk og av personar med relevant fagleg kompetanse. Det er også krav om at data som er samla inn i samband med arbeidet med konsekvensutgreiingar skal systematiserast i samsvar med standardar. Dei systematiserte dataene skal gjerast tilgjengelege for offentlege styresmakter slik at dataene kan leggjast inn i offentlege databasar.
Rettleiarar
Det er utarbeida to rettleiarar til KU-forskrifta:
Veiledningsnotat - konsekvensutredninger for planer etter plan- og bygningsloven