Tilskot til kommunalt rusarbeid
- Søknadsfrist:
- 1. mars 2020 23:59
- Målgruppe:
- Personar, eller grupper av personar, med rusmiddelrelaterte problem og deira pårørande
- Ansvarlig:
- Fylkesmannen i Vestland
- Hvem kan søke:
- Kommunar
- Rapporteringsfrist:
- 1. februar 2021 23:59
Tilskotet skal bidra til varig kapasitetsvekst i det samla kommunale tilbodet til personar med rusproblem.
Ordninga skal understøtte måla i Opptrappingsplanen for rusfeltet (2016-2020) med vekt på mellom anna auka brukarmedverknad i tenestene, tidleg innsats og meir heilskapleg og tilgjengelege behandlings- og oppfølgingstenester. Medarbeidarar med brukarerfaring eller erfaringskonsulentar kan tilsettast gjennom ordninga.
Vi gjer merksam på at både rapporteringsfrist for tilskot motteke i 2019 og søknad om tilskot i 2020 er 1. mars.
Regelverk for tilskotet
Les regelverket nøye før du fyller ut søknadsskjema. Sjå spesielt kapittel 4 Tildelingskriterium der det er gjort greie for prioriteringar, overgangsreglar og presiseringar. Regelverket finn du også under fana «Lenkjer».
Her kan du søkje gjennom Fylkesmannens elektroniske søknads- og rapporteringsløysing.
Du kan lese meir om tilskotet på nettsida til Helsedirektoratet.
Rapport om bruken av tilskot i 2019
Den nye kommunen har ansvar for å oppfylle dei krava som er stilt i tilskotsbrev i 2019 til dei kommunane som no inngår i ny kommune.
Ved rapportering og søknad om vidareføring av tilskot, er dette framgangsmåten:
- Det skal rapporterast særskild for kvar av dei tidlegare kommunane som har motteke tilskot i skjemaet sin kategori «Kommunar som blir nedlagde frå 1.1.2020 og som skal rapportere for 2019»
- Ny kommune skal søke om vidareføring av tilskot i skjemaet sin kategori «Kommunar/bydelar som søkjer om vidareføring av tilskot og/eller tilskot til ny(e) stilling(ar)».
Ved spørsmål av fagleg karakter, ta kontakt med Mona Fauskanger eller Siri Mæland, som du finn under «Kontaktpersonar». Spørsmål som gjeld teknisk støtte til søknads- og rapporteringsskjemaet kan rettast til skjema@fylkesmannen.no.
- Søknadsfrist:
- 1. mars 2020 23:59
- Målgruppe:
- Personar, eller grupper av personar, med rusmiddelrelaterte problem og deira pårørande
- Ansvarlig:
- Fylkesmannen i Vestland
- Hvem kan søke:
- Kommunar
- Rapporteringsfrist:
- 1. februar 2021 23:59