Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot 2022

Søknadsfrist:
15. mars 2022 23:59
Målgruppe:
Tilsette i helse- og omsorgstenestene, og brukarar av kommunale helse- og omsorgstenester
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Vestland
Hvem kan søke:
Kommunar, fylkeskommune, universitet og høgskular. Kommunar kan gjerne søke i samarbeid med andre kommunar, helseføretak, frivillig sektor, utdanningsinstitusjonar, næringsliv eller andre
Rapporteringsfrist:
15. mars 2022 23:59

Tilskotet skal bidra til kompetanseheving og innovasjon for å styrke kommunane si evne til å møte framtidas utfordringar på helse- og omsorgsfeltet med berekraftige og gode tiltak og tenester.

Publisert 01.02.2022, Oppdatert 10.02.2022

Rettleiing, nytt søknadsskjema for 2022 og rapporteringsskjema for 2021 finn du under «Dokument».

Les meir om tilskotet og regelverk på heimesida til Helsedirektoratet

Søknad skal sendast til sfvlpost@statsforvalteren.no innan 15. mars 2022.

Overordna prioriteringskrav for tildeling

Kommunar som omstiller seg i tråd med Leve heile livet-reforma vil verte prioritert. Les meir om prioriteringskrav når det gjeld Leve heile livet-reforma i eige brev frå Helsedirektoratet 09.01.2021 og informasjonsbrevet vi har sendt til kommunane. Du finn desse breva under «Dokument». 

Andre tildelingskriterium, prioriteringar og regelverket for ordninga kan du lese om på nettsida til Helsedirektoratet og i brevet frå Statsforvaltaren.

Rapportering for 2021

Kommunane skal rapportere innan 15. mars 2022 om midlar som vart tildelt i 2021. De finn to rapporteringsskjema under «Dokument» . For tilskot frå kr 200 000 er det krav om revisorattestasjon. Frist for rapportering av motteke tilskot for 2022 vil gå fram av tildelingsbrevet.

Søknadsfrist:
15. mars 2022 23:59
Målgruppe:
Tilsette i helse- og omsorgstenestene, og brukarar av kommunale helse- og omsorgstenester
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Vestland
Hvem kan søke:
Kommunar, fylkeskommune, universitet og høgskular. Kommunar kan gjerne søke i samarbeid med andre kommunar, helseføretak, frivillig sektor, utdanningsinstitusjonar, næringsliv eller andre
Rapporteringsfrist:
15. mars 2022 23:59