Besøk til verjemålsseksjonen
Frå 16. mai 2022 kan du ikkje lenger forvente å snakke med ein saksbehandlar på verjemålsseksjonen dersom du møter opp på Statens hus.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Vi har hatt ei besøksvaktsordning slik at besøkande til Statens hus har fått snakke med ein saksbehandler på verjemålsseksjonen sjølv om dei har møtt opp utan avtale. Frå 16. mai blir denne besøksvaktordninga avvikla.
Vi rår deg til å sjå www.statsforvalteren.no/vlv og www.vergemal.no. Her finn du god informasjon om verjemål, og kan få svar på mange av dine spørsmål.
Telefonane vil vere opne som vanleg, og du kan sende oss ei sikker melding ved å nytte lenka i høgremargen.
Du kan framleis levere frå deg dokumenter til sørvissenteret utan å gjere avtale om det på førehand.
Kontaktinformasjon
Sikker melding:
Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).
E-post:
For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.
Postadresse verjemålsseksjonen:
Postboks 7310, 5020 Bergen
Telefon:
Direkte til verjemålsseksjonen:
55 57 23 00
Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.
Kontaktpersonar:
Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Pia Davanger Angel, seksjonsleiar