Kvalifiseringsstønad skal ikkje avkortast mot fosterheimsgodtgjersle

Arbeids- og velferdsdirektoratet har konkludert med dette i ei uttale til Fylkesmannen i Hordaland dagsett 12. juli 2018.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.09.2018

Bakgrunnen for avklåringa var ei henvending frå ei kommune i Hordaland som hadde deltakarar i kvalifiseringsprogrammet som mottok forsterheimsgodtgjersle; arbeidsgodtgjeringa som fosterforeldre mottek etter sats per barn per månad og ikkje utgiftsdekninga som dei og mottek.

«Inntektsgivende arbeid» som skal avkortast i kvalifiseringsstønaden omfattar ikkje fosterheimsgodtgjersle

Arbeids- og velferdsdirektoratet skriv i si avklåring dagsett 12. juli 2018 at dei «kan ikkje sjå at «inntektsgivende arbeid» i paragraf 37 er meint å omfatte arbeidsgodtgjersle til fosterforeldre sjølv om arbeidsgodtgjersla skattleggjast som løn. Føresegna er som nevnt utforma med tanke på at det skal virke økonomisk motiverande å prøve seg i arbeidslivet og dette inngår i programmet. Arbeid fosterforeldra gjer er i hovudsak knyta til å gje omsorg for fosterbarnet, i tillegg til at dei er i full jobb, og kan difor etter vår vurdering og gjerast i tillegg til at deltakar er i kvalifiseringsprogram på full tid.»

Fosterheimsgodtgjersle skal ikkje jamstillast med omsorgsstønad når det gjeld avkorting av kvalifiseringsstønad

Direktoratet presiserer at dei «kan ikkje sjå at fosterheimsgodtgjering skal jamstillast med omsorgsløn (no omsorgsstønad) i denne samanheng. Omsorgsstønad etter helse- og omsorgstenestelova paragraf 3-6 nr. 3 kan gis til personar som har eit «særlig tyngende omsorgsarbeid», og det skal fastsetjast kor mange timar det skal betalas for. Dette er ikkje tilsvarande for arbeidsgodtgjersla til fosterforeldre, og viss eit barn har særlege omsorgsbehov så vil det etter vår forståing eventuelt vere snakk om frikjøp av fosterforeldra.»

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar