Nominasjon til Dronning Sonjas skolepris 2019

Dronning Sonjas skolepris skal gå til ein grunnskole eller ein vidaregåande skole, som har utmerka seg ved å praktisere likeverd og inkludering på ein god måte. Nominasjonar må sendast Fylkesmannen innan 26. august 2019.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Dronning Sonjas skolepris
Dronning Sonjas skolepris går kvart år til ein skole som merkjer seg ut ved å praktisere likeverd og inkludering på ein fullverdig måte. Hennes Majestet Dronning Sonja tok initiativ til prisen i 2005. Det er fylkesmennene som nominerer skoler til prisen. Vinnarskolen får 250 000 kroner og eit kunstverk.
Kriterier for prisen
Dronning Sonjas skolepris skal kvart år tildelast ein skole som har utmerka seg ved å praktisere likeverd og inkludering.
- Skolen arbeider langsiktig, systematisk og kunnskapsbasert med elevane sitt læringsmiljø.
- Skolen praktiserer likeverd og inkludering på ein slik måte at kvar elev opplever å bli verdsett i eit miljø prega av medvirkning, tryggheit og fellesskap.
- Skolen er kjenneteikna av positive relasjonar mellom elevane og dei tilsette, og elevane imellom - og ved eit godt samarbeid mellom skole og heim.
Likeverd betyr at alle elevar skal få oppleve at dei møtast på ein likestilt og verdig måte. Inkludering som er eit vidare begrep enn integrering, betyr at alle skal oppleve at dei er anerkjente deltakarar i skolefellesskapet.
På nettstaden til Utdanningsdirektoratet finn du meir informasjon om prisen.
Nominasjonsprosessen
Alle kan nominere skoler til prisen og skolen treng ikkje vere "perfekt" for å bli nominert. Det er viktig at juryen får eit godt utval av kandidatar å velgje mellom.
På nettstaden til Utdanningsdirektoratet finn du også skjema for nominasjon
Send nominasjon til Fylkesmannen
Kontaktpersoner
-
Helene Fardal
Tlf: 37 32 11 68