Fri rettshjelp

Fri rettshjelp er advokathjelp som heilt eller delvis blir dekt av staten. Fri rettshjelp omfattar både fritt rettsråd og fri sakførsel. Fritt rettsråd er rettleiing og hjelp i juridiske spørsmål utanfor rettargang. Fri sakførsel er rettshjelp i saker som går for domstolane.

I nokre typar saker kan du få økonomisk støtte til juridisk rådgiving eller støtte til å føre ei rettssak for domstolane. Om du treng fri rettshjelp, kan du kontakte Fylkesmannen eller ein advokat.

I kva typar saker kan du få fri rettshjelp?

Eksempel på saker der du kan få fri rettshjelp, er familiesaker, visse typar klagesaker til Nav, erstatning for personskade, oppseiing/utkasting frå bustad eller oppseiing i arbeidsforhold. Du kan også få fri rettshjelp dersom du søkjer om valdsoffererstatning. Også i andre saker er det unntaksvis mogleg å få fri rettshjelp. Dersom du har forsikring som dekkjer utgifter til juridisk hjelp, vil du som regel ikkje få fri rettshjelp.

Inntekts- og formuesgrense

For å få fri rettshjelp må du ha ei inntekt som ligg under inntektsgrensene i rettshjelplova. Fylkesmannen og domstolane kan i visse tilfelle gjere unntak frå reglane om inntekts- og formuesgrenser.

Uavhengig av inntekt og formue kan du få fri rettshjelp

  • i barnevernssaker for Fylkesnemnda for sosiale saker
  • i saker for Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern og rettssaker om utskriving frå tvangspålagt psykisk helsevern
  • i saker om militærnekting
  • i saker om tvangsekteskap
  • i saker der eit valdsoffer krev erstatning frå gjerningsmannen
  • i saker om erstatning for ugrunna straffeforfølging
  • for å vurdere melding i samband med valdtekt
  • for å vurdere melding i sak om menneskehandel

Eigendel

Dersom du mottek fri rettshjelp, skal du som hovudregel betale ein eigendel av hjelpa. Det er ingen eigendel i saker der fri rettshjelp blir gitt uavhengig av inntekt og formue. Dersom du har ei årleg bruttoinntekt på under 100 000 kroner, skal du heller ikkje betale eigendel.

I saker med fritt rettsråd er eigendelen éin gong den offentlege salærsatsen (som per januar 2015 er 970 kroner). I saker med fri sakførsel utgjer eigendelen 25 prosent av utgiftene (maks fem gonger salærsatsen). Det er advokaten som krev inn eigendelen. 

Fri rettshjelp i utlandet

Alle søknader om fri rettshjelp i utlandet blir behandla av Fylkesmannen i Oslo og Akershus.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.