Fritak frå teieplikt

Om du er tilsett i skule, barnehage, barnevernet eller sosialetaten, eller arbeider med oppgåver etter introduksjonslova, må du ha fritak frå teieplikta dersom du skal vitne i ei rettssak eller gi forklaring i politiavhøyr om eit konkret straffbart forhold. Det er Fylkesmannen som gir fritak frå teieplikta.

Dersom Fylkesmannen ikkje gir fritak, kan retten ved orskurd avgjere at du likevel skal vitne. Retten kan òg avgjere at du ikkje skal forklare deg, sjølv om Fylkesmannen har gitt deg fritak frå teieplikta.

Det er ikkje nødvendig med fritak frå Fylkesmannen dersom den personen som har krav på teieplikta, godkjenner at opplysningane blir frigitt. Det er heller ikkje nødvendig med fritak når fylkesnemnda eller domstolen behandlar saker etter barnelova.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.