Kvalifiseringsprogrammet

Oppdatert 08.04.2024

Kvalifiseringsprogrammet skal medverke til at fleire med nedsett arbeids- og inntektsevne og med få eller ingen ytingar frå folketrygda kvalifiserer seg til og kjem ut i arbeid. Dette skal skje gjennom tettare og meir forpliktande bistand og oppfølging frå Nav.

Kven kan delta i programmet?

Målet med kvalifiseringsprogrammet er å styrkje innsatsen overfor personar som er eller kan bli avhengige av sosialstønad over lengre tid. Alle i yrkesaktiv alder som har nedsett arbeids- og inntektsgrense og ingen eller avgrensa ytingar til livsopphald, kan ha rett til å delta i programmet. Programmet skal vere heilårleg og på full tid. Deltaking i eit kvalifiseringsprogram gir rett til kvalifiseringsstønad. Sidan stønaden er føreseieleg, gir han mottakaren høve til å planleggje økonomien sin over tid.  

Kvalifiseringsprogrammet er eit viktig tiltak mot fattigdom.

Statsforvaltarens oppgåver

Statsforvaltaren har fleire oppgåver i samband med kvalifiseringsprogrammet. Statsforvaltaren skal blant anna 

  • føre tilsyn med Nav-kontora
  • gi opplæring til tilsette ved Nav-kontora om kvalifiseringsprogrammet
  • sikre forankring i leiinga i kommunane
  • samordne tiltaks- og kompetanseaktivitetar i kvalifiseringsprogrammet mot Nav Fylke
  • gi rettleiing, formidle kunnskap og setje i verk kompetansehevande tiltak for leiinga og tilsette ved Nav-kontora
  • behandle klagesaker

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 13.11.2020

test2

Fylkesmannen ber om opplysingar frå alle Nav-kontor i Vestland om kvalifiseringsprogrammet, vilkår om aktivitet for mottakarar av økonomisk stønad under 30 år, og korleis digitalisering påverkar tilgjenge til og kvalitet på dei sosiale tenestene. Informasjonen vil mellom anna inngå i vår årsrapportering til Arbeids- og velferdsdirektoratet.


Publisert 25.09.2019

Nettverkssamling for veiledere på KVP

Vi inviterer med dette NAV-kontorene i «gamle Nord-Trøndelag» til et møte, hvor hensikten er å etablere et nettverk for veiledere og eventuelt ledere som har kvalifiseringsprogram i sin portefølje. 


Publisert 25.07.2018

Kvalifiseringsstønad skal ikkje avkortast mot fosterheimsgodtgjersle

Arbeids- og velferdsdirektoratet har konkludert med dette i ein uttale til Fylkesmannen.