Kvalifiseringsstønad skal ikkje avkortast mot fosterheimsgodtgjersle

Arbeids- og velferdsdirektoratet har konkludert med dette i ein uttale til Fylkesmannen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Grunnen til at Fylkesmannen spurde direktoratet var ein førespurnad frå ein kommune i Hordaland som hadde deltakarar i kvalifiseringsprogrammet, som mottek fosterheimsgodtgjersle.
Inntektsgivande arbeid som skal avkorte kvalifiseringsstønaden omfattar ikkje fosterheimsgodtgjersle
Etter gjeldande reglar skal kommunane redusere kvalifiseringsstønaden når deltakaren har inntektsgivande arbeid. Arbeids- og velferdsdirektoratet skriv i si avklåring 12. juli 2018 at dei ikkje kan sjå at inntektsgivande arbeid er meint å omfatte arbeidsgodtgjersle til fosterforeldre, sjølv om arbeidsgodtgjersla vert skattlagd som løn. I følgje direktoratet er reglane for kvalifiseringsstønad utforma med tanke på at det skal verke økonomisk motiverande å prøve seg i arbeidslivet. Fosterforeldreoppdrag er å yte omsorg til fosterbarnet, i tillegg til at ein er i full jobb, og kan difor utførast i tillegg til at ein er i kvalifiseringsprogram på full tid.
Fosterheimsgodtgjersle skal ikkje jamstillast med omsorgsstønad
Direktoratet presiserer at fosterheimsgodtgjering ikkje skal jamstillast med omsorgsløn/omsorgsstønad. Etter helse- og omsorgstenestelova kan kommunane gi omsorgsstønad til personar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid. Kommunal omsorgsstønad vert såleis gitt for meir omfattande omsorgsoppgåver enn arbeidsgodtgjersla til fosterforeldre, og inngår difor i omgrepet inntektsgivande arbeid, som skal avkorte kvalifiseringsstønaden.
Brevet frå Fylkesmannen i Hordaland og svaret frå Arbeids- og velferdsdirektoratet finn du under overskrifta «Dokument».
Kontaktpersonar
-
Solfrid Helvik
Tlf: 37 32 11 54 -
Silje Gustavsen
Tlf: 37 32 11 80