Kven stikk av med Kulturlandskapsprisen 2013?
Svaret får vi i Batnfjordsøra i Gjemnes fredag 30. august kl. 14.30. Då deler assisterande fylkesmann Rigmor Brøste ut det ettertrakta prisen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 29.08.2013
Det er Fylkesmannen i Møre og Romsdal som står bak kulturlandskapsprisen, som blir utdelt på Dyregod-festivalen i Gjemnes.
Prisen går til ein eller fleire gardbrukararar som utmerkar seg med miljøvennleg drift. Vinnaren får med seg ein sjekk på 10.000 kr. og eit kunstverk, i tillegg til heider og ære og vissheten om at ein har gjort ei framifrå innsats med gardsbruket sitt. Kandidatane er vurderte etter desse kriteria:
- At ålmenta har tilgang til å oppleve kvalitetar i landskapet gjennom friluftsliv og rekreasjon
- At drifta medverkar til ei positiv fokusering på dei verdiane som landbruket representerer. Kandidatane bidreg dermed til eit meir opent landbruk i tillegg til eit ope landskap
- At kandidatane med utgangspunkt i kulturlandskapet og lokale tradisjonar har skapt ny næring på garden
- At det vert teke omsyn til kulturminne, byggeskikk og andre miljøverdiar som til dømes biologisk mangfald i drifta
- At drifta tek omsyn til miljøutfordringar på bruket og i nærområdet
Tidlegare prisvinnarar:
- 2003: Bodil og Tor Lie, Stranda: Fjordvendt fjellgard med geitemjølkproduksjon
- 2004: Fjørtoft og Harøy Bondelag, Uksnøya Villsaulag og Fjørtoft Beitelag, Haram: Gjenskaping av verdifullt kulturlandskap ved hjelp av utegangarsau
- 2005: Dravlausstølen og Drotninghaugstølen, Sykkylven: Seterdrift, økologisk drift, aktivt kulturlandskapsarbeid
- 2006: Reidun Bjorland Rødset og Lars Rødset, Sunndal: Mjølkeproduksjon, hus- og hytteutleige med basis i gamle bygningar på garden og setra
- 2007: Ann Iren Rong Torheim og Anders Torheim, Fræna: Mjølk- og kjøttproduksjon, stort engasjement og innsats for ålmenta og lokalsamfunnet
- 2008: Marit Kvam og Arnfinn Lislien, Rauma: Setring med foredling av mjølk til smør og rømme, drift av kulturlandskap i bratte område som er viktig for landskapsbiletet
- 2009: Lingebygda v/Linge grunneigarlag, Norddal: Samarbeid i bygda om å ta vare på fruktdyrking, bygningsmasse og kulturlandskapet elles
- 2010: Pål Svisdal, Sunndal: Framifrå innsats med å ta vare på kulturlandskap med stort biologisk mangfald, gamle bygningar og byggeskikk, tradisjonell gardsdrift og seterdrift
- 2011: Aina og Olav Krakset, Vanylven: Har gjort bruket sitt om til ein attraktiv opplevingsgard
- 2012: Kristen Stokkeland, Vestnes: Sentrumsnært gardsbruk med stort husdyrhald. Driv også Feøya naturreservat