Jordvern - kan det vere så viktig?
Landbruksmuseet for Møre og Romsdal arrangerer jordvernkonferanse ved Gjermundnes vidaregåande skule laurdag 13. juni. Konferansen er eit samarbeid mellom museet, fylkesmannen og Møre og Romsdal bondelag. Forfattar Edvard Hoem er blant innleiarane.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 15.05.2015
Edvard Hoem skal snakke om "slåttekarar, jordvern og framtidstru". Landbruksdirektør Anne Berit Løset tek for seg kor viktig jordvernet er og rådgivar Rose Bergslid i Bondelaget har fått temaet "Bonden som jordvernar".
I tillegg er førstekandidatane ved fylkestingsvalet inviterte. Desse skal delta i ein paneldiskusjon om tema jordvern.