Vil skape større matglede for eldre

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug inviterer alle landets sjukeheimar og institusjonar til ein konkurranse rundt matglede for eldre. Konkurransen skal auke medvitet om maten og kva måltida har å seie for eldre. Statsråden skriv no brev til alle ordførarar der ho bed dei engasjere seg for å betre institusjonsmaten.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.06.2015

Landbruks- og matminister Listhaug vil at måltid for eldre på institusjonar skal tilpassast slik at dei gir matglede og matlyst. Gjennom satsinga "Gylne måltidsøyeblikk" inviterer Listhaug alle landets sjuke- og aldersinstitusjonar til å delta i ein konkurranse for å løfte fram dei hyggelege måltidsstundene. Konkurransen er eit ledd i regjeringa sitt arbeid med å betre matomsorga på alle norske sjuke- og aldersheimar.

– Maten og måltida er dagens høgdepunkt for mange eldre. Eldre treng næringsrik, smakfull og innbydande mat i ei ramme som gir matlyst. Den daglege maten skal førebygge underernæring. Det ligg mykje god helse i god mat og hyggelege fellesmåltid. Matglede er god eldreomsorg, seier landbruks- og matminister Sylvi Listhaug i ei pressemelding.

Konkurranseperiode for Møre og Romsdal er 01.08.2015 – 30.09.2015. E-postadresse for innsending av bidrag i perioden: gmfmmr@fylkesmannen.no

Klikk her for å finne meir informasjon hos Landbruks- og matdepartementet

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.