Lovendring som styrkar barn sine rettar som pasientar

Frå 01.01.2018 ble barn si rett til medverknad og medråderett etter pasient- og brukarrettslova styrka, og helsepersonell får plikt til å ta hand om barn som pårørande til søsken.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.01.2018

Nokre av lovendringane som gjeld frå 1. januar 2018:

  • Barn sin rett til informasjon og rett til å bli høyrd når dei får behandling, går fram direkte av lovteksten.
  • Helsepersonell si plikt til å informera foreldre får eit unntak når tungtvegande omsyn til barnet taler mot at dei blir informert. Dette unntaket vil gjelde uavhengig av alderen til barnet.
  • Barn sin rett til å bli høyrd når andre samtykker til helsehjelp på deira vegne er styrka. Det står i lova at barn skal bli høyrd frå dei er i stand til å danne seg eigne meningar om helsehjelpa. Dette skal gjelde seinast frå barnet fyller sju år. Når barn har fylt 12 år skal det bli lagt stor vekt på det barnet meiner.
  • Helsepersonell har plikt til å ta hand om barn som pårørande til søsken og barn som etterlaten etter foreldre eller søsken.

 

Dette er endringar i pasient- og brukarrettighetslova og helsepersonellova. Rundskriv vert oppdatert på Helsedirektoratet sine nettsider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.