Tilskot - tiltak for å styrke den norskspråklige utviklinga for minoritetsspråklige barn i barnehage
TIlskot - tiltak for å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Frå 2017 går tilskotsordninga " tilskot til tiltak for å betre språkforståeinga bandt minoritetsspråklege barn i førskulealder" ut og blir erstatta med "tilskot tilll tiltak for å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage"
Tilskotsordninga skal bidra til at kommunane kan utforme tiltak for å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage. Tilskotet kan nyttast til tiltak retta mot minoritetsspråklege barn i barnehage. Tilskot kan og bli gitt til døve eller sterkt hørselshemma barn når barnehagen har ansatt ein tospråkleg assistent som beherskar teiknspråk.
Ein kommune må fylle to kriteria på same tid for å få rett til tilskot.
1. - andel minoritetsspråklege barn i barnehage må vere minst 10%
2. - antal minoritetsspråklege barn i barnehage må vere 50 eller meir
Minoritetsspråklege barn i både kommunale- og ikkje-kommunale barnehagar inngår i andel- og antallsberekningane.
Det er Utdanningsdirektoratet som berekner og utbetaler tilskotet til den einskilde kommune og utbetaling er forventa i mars månad.
Fylkesmannen har fått i oppgåve å gjennomføre stikkprøvekontrollar og rapportere resultatet for desse.
Retningslinene for tiltak for å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn finn de HER.