Oppgåver til Modul 1 - Demokrati og medborgarskap
Ta utgangspunkt i ny læreplan i eitt av dine undervisningsfag når du tar fatt på oppgåvene til modul 1.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 10.02.2021
- Korleis blir opplæring i det tverrfaglege temaet Demokrati og medborgarskap framstilt (t.d. som demokratisk kunnskap og forståing, som demokratisk samhandling, som demokratisk haldning og verdi, eller kanskje ein kombinasjon av desse og fleire)?
- Kva tenker du om denne framstillinga, og er det noko som du meiner manglar i dei utdanningspolitiske skildringane?
Kva slags undervisning og kva for læringsaktivitetar meiner du er nødvendige for å fremje demokrati og medborgarskap som skildra i læreplanen, og kvifor?
Tenk så gjennom din eigen praksis:
- Kva for demokratisk praksis ønsker du sjølv å fremje i di undervisning, og kvifor?
- Samsvarer denne demokratiske danninga med slik den står skildra i læreplanen?