Sårbare barn og unge under pandemien - ny rapport

Regjeringa har opprett ei koordineringsgruppe som skal følgje opp tilbodet til sårbare barn og unge under pandemien. No er den trettande rapporten frå gruppa offentleg.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.05.2021

Koordineringsgruppa påpeiker særleg

  • betydninga av at tenester til barn, unge og familiar er opne og tilgjengelege
  • at smitteverntiltak som rammer barn og unge må kome som ein konsekvens av smitte i lokalmiljøet
  • at unge sin rett til medverknad må ivaretakast


Gruppa anbefaler at regjeringa

  • vurderer kva for vaksinestrategi som best kan bidra til at dei ordinære tenestene til barn og ungdom er opne og at ungdom kan få tilbake sin normale kvardag så raskt som mogleg
  • prioriterer unge sine behov for fritidsarenaer og møteplassar i planane for gjenopning
  • vurderer felles oppdrag til direktorata om samarbeid rundt tiltak for å avhjelpe konsekvensar av pandemien for barn og unge

 

Lenke til rapporten finn du i høgremenyen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.