Digital statsborgarseremoni 2020
2020 vart året der Covid-19 tvang oss til å gjere ting annleis. Sjølv om det ikkje var mogleg å samle alle dei nye statsborgarane fysisk til seremoni, ønska vi også i år å feire dei. Løysinga vart å lage ei digital sending og gjere den tilgjengeleg digitalt.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 05.10.2020
Denne digitale statsborgarseremonien erstattar den fysiske. Vi held talar og har musikalske innslag slik vi ville gjort i ein vanleg seremoni.
Medverkande i seremonien er:
- Rigmor Brøste, statsforvaltar
- Berit Brendskag Lied, ass. statsforvaltar
- Heidi-Iren Wedlog Olsen, fylkeskultursjef
- Maria Holand Tøsse, Artist
- Kor, Det Norske Solistkor v/dirigent Grete Pedersen