Forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta
Forskrifta erstatter internkontrollforskrifta og trer i kraft frå 1. januar 2017.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Regjeringa har vedteke ei ny forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta. Den slår tydeleg fast at det er toppleiinga som har ansvaret for at verksemda planleggast, gjennomføresast, evaluerast og korrigerast. Forskrifta er av stor betydning for alle tilsette i helse- og omsorgstenesta. Forskrifta er eit viktig verkemiddel for å sørge for at dei utøvande tenestene etterlever dei krav som finns i lovgivninga på området.
Den nye forskrifta kjem i staden for nogjeldande internkontrollforskrift for tenestene som er frå 2002. Den er tydelegare på kva for oppgåver plikta til å planlegge, gjennomføre, evaluere og korrigere omfattar.
Den utdjuper kravet om systematisk arbeid med kvalitetsforbetring og pasienttryggleik.
Den gjør det lettare å slå fast kven som har det overordna ansvaret i kommunene og på sjukehusa.
Forskrifta om leiing og kvalitetsforbetring trer i kraft 1. januar 2017. Helse- og omsorgsdepartementet sin omtale kan lesast her. Forskriftsteksten kan lesast her.
Kontaktpersonar
-
Marit Vestad
Tlf: 71 25 85 51 -
Janne Bjørsnøs
Tlf: 71 25 85 36 / 91 12 47 63