Søknad om løyve til utslepp ved tiltak i sjø ved Larsnesvika i Sande kommune
- Høyringsfrist:
- 24. november 2023 23:59
Sande kommune søkjer om løyve til utslepp ved tiltak (utfylling) i sjø.
Publisert 23.10.2023
Tiltaket omfattar utfylling i sjø for utviding av friareal, nausttomter og parkeringsområde ved Larsnesvika i Sande kommune. Totalt skal det fyllast ut om lag 5 100 m3 over eit areal på om lag 2 100 m2.
Søknadsdokumenta kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.
Ei eventuell høringsuttale skal sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no innan 24.11.2023.
- Høyringsfrist:
- 24. november 2023 23:59