Tildeling prosjektskjønn 2017
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har delt ut 4 904 000 kroner til prosjekter i kommunane.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I dag går det brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet med tildeling av prosjektskjønn. Alle kommunane i fylket har blitt invitert til å søkje støtte til utviklings- og fornyingsprosjekt. Det har kome inn omlag 35 søknadar til ulike tiltak. Totalt var det søkt om over 49 millionar kroner. Tildelinga til prosjektskjønn er på 4 904 000 kroner.
Prosjekta som har fått støtte ligg i oversikta til høgre under relaterte dokumenter.
Midlane vert utbetalt tidleg i juni.
Vi vil be om ei mellom – og sluttrapportering på prosjekta. Mellomrapporteringa vil bli gjort i slutten av januar og sluttrapporteringa i slutten av august 2018. Det blir sendt ut ein e-post til kontaktpersonen på prosjektet som blir ansvarleg for rapporteringa og vil vere vår kontaktperson. Rapporteringa skal gjerast i det same systemet kor søknaden vart sendt inn (ISORD). Det er og viktig at det redegjerast for kva nytteverdi dette prosjektet kan ha for andre kommunar.
Kontaktpersonar
-
Sissel Hol
Tlf: 71 25 84 49 / 94 98 55 44