Statsbudsjettet 2018 – det økonomiske opplegget for kommunane
Regjeringa har lagt fram forslag til statsbudsjett for 2018. Nedanfor følger eit samandrag av hovudpunkta i det økonomiske opplegget for kommunane.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Høge skatteinntekter òg i 2017
Inntektsveksten er forventa å bli vesentleg høgare enn kva som er lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett 2017. Anslaget for kommunane sine skatteinntekter i 2017 er oppjustert med kr 3,4 mrd. i høve til Revidert nasjonalbudsjett 2017. Bakgrunnen for dette er ekstraordinære store utbytte til aksjeeigarar òg i 2016, truleg som ei følge av den nye skattereforma.
Regjeringa sitt forslag for kommunane i 2018
Den nominelle veksten i skatteinntekter for kommunane frå 2017 til 2018, er forventa å bli om lag 2,4 prosent. Anslaget på skatteinntektene for kommunane for 2017 bygger blant anna på føresetnader om ein sysselsettings- og lønsvekst på høvesvis 1,1 og 3 prosent.
Skatteprosenten (skattøren) i kommunane vil for 2018 vere 11,8, og er dermed uforandra frå 2017.
For kommunane sine samla inntekter vil skattedelen vere 40 prosent òg for 2017.
Kommunal deflator er ein indeks for berekning av realvekst i kommunesektoren sine inntekter. Lønsvekst og prisvekst på kjøp av varer og tenester ligg til grunn for deflatoren. I statsbudsjettet blir inntektene i kommunesektoren prisjustert, slik at endringar i inntektene er basert på realverdiar. For berekning av realvekst i kommunesektoren blir det lagt til grunn ein vekst i deflatoren på 2,6 prosent for 2018, kor overslag på lønsveksten inngår med 3,0 prosent og tel nær 2/3 av den samla deflatoren, medan forventa prisvekst på varer og tenester inngår med 1,9 prosent. Deflatoren blir nytta til prisjustering av statlege rammetilskot og øyremerka tilskot i statsbudsjettet.
Deflatoren for 2017 blir anslått til 2,3 prosent, kor lønsveksten inngår med 2,4 prosent. Dette er i samsvar med anslaget i Revidert nasjonalbudsjett 2017.
Frie inntekter
Dei frie inntektene omfattar rammetilskot og skatteinntekter. Tabell 1 viser anslag på frie inntekter og oppgåvekorrigert vekst frå 2017 til 2018 for kommunane i Møre og Romsdal.
Tal i tusen kr.
Kommune |
Anslag på frie inntekter 2017 |
Anslag på oppgåve-korrigerte frie inntekter 2017 |
Anslag på frie inntekter 2018 |
Anslag på oppgåve-korrigert vekst 2017-2018 |
Vekst rekneskap 2017-2018 % |
1502 Molde |
1 342 811 |
1 341 495 |
1 391 365 |
49 870 |
3,7 |
1504 Ålesund |
2 332 070 |
2 329 899 |
2 402 525 |
72 626 |
3,1 |
1505 Kristiansund |
1 241 659 |
1 240 404 |
1 276 387 |
35 983 |
2,9 |
1511 Vanylven |
196 500 |
196 299 |
201 181 |
4 882 |
2,5 |
1514 Sande |
158 863 |
158 720 |
161 389 |
2 669 |
1,7 |
1515 Herøy |
475 523 |
475 051 |
482 967 |
7 916 |
1,7 |
1516 Ulstein |
444 666 |
444 213 |
458 083 |
13 870 |
3,1 |
1517 Hareid |
275 178 |
274 883 |
284 985 |
10 102 |
3,7 |
1519 Volda |
478 460 |
477 994 |
490 808 |
12 814 |
2,7 |
1520 Ørsta |
573 441 |
572 877 |
585 917 |
13 040 |
2,3 |
1523 Ørskog |
138 010 |
137 879 |
140 026 |
2 147 |
1,6 |
1524 Norddal |
117 838 |
117 731 |
121 027 |
3 296 |
2,8 |
1525 Stranda |
264 307 |
264 039 |
268 293 |
4 254 |
1,6 |
1526 Stordal |
76 341 |
76 249 |
77 698 |
1 449 |
1,9 |
1528 Sykkylven |
406 981 |
406 580 |
413 826 |
7 246 |
1,8 |
1529 Skodje |
253 549 |
253 609 |
256 572 |
2 963 |
1,2 |
1531 Sula |
497 822 |
497 327 |
505 988 |
8 661 |
1,7 |
1532 Giske |
431 131 |
430 738 |
438 574 |
7 837 |
1,8 |
1534 Haram |
491 310 |
490 819 |
508 550 |
17 732 |
3,6 |
1535 Vestnes |
338 167 |
337 814 |
354 332 |
16 519 |
4,9 |
1539 Rauma |
421 547 |
421 112 |
433 307 |
12 195 |
2,9 |
1543 Nesset |
177 967 |
177 783 |
183 507 |
5 724 |
3,2 |
1545 Midsund |
134 758 |
134 615 |
137 565 |
2 950 |
2,2 |
1546 Sandøy |
91 306 |
91 222 |
92 279 |
1 057 |
1,2 |
1547 Aukra |
202 737 |
202 529 |
209 145 |
6 617 |
3,3 |
1548 Fræna |
527 474 |
526 961 |
542 359 |
15 398 |
2,9 |
1551 Eide |
203 221 |
203 024 |
205 866 |
2 842 |
1,4 |
1554 Averøy |
313 692 |
313 381 |
319 257 |
5 876 |
1,9 |
1557 Gjemnes |
160 585 |
160 444 |
162 400 |
1 956 |
1,2 |
1560 Tingvoll |
196 047 |
195 853 |
200 271 |
4 418 |
2,3 |
1563 Sunndal |
405 013 |
404 598 |
411 506 |
6 907 |
1,7 |
1566 Surnadal |
335 696 |
335 382 |
340 942 |
5 560 |
1,7 |
1567 Rindal |
129 714 |
129 582 |
131 432 |
1 849 |
1,4 |
1571 Halsa |
110 545 |
110 455 |
112 237 |
1 782 |
1,6 |
1573 Smøla |
139 810 |
139 685 |
143 189 |
3 505 |
2,5 |
1576 Aure |
240 432 |
240 220 |
250 455 |
10 235 |
4,3 |
Fordelast gjennom året |
60 396 |
60 396 |
33 168 |
|
|
Møre og Romsdal |
14 385 565 |
14 371 859 |
14 729 379 |
357 520 |
2,5 |
Tabell 1: Frie inntekter og oppgåvekorrigert vekst frå 2017 til 2018.
For kommuneopplegget i 2018 er det lagt opp til ein realvekst i frie inntekter på snaue kr 3,6 mrd. Priskompensasjon frå 2017 til 2018 kjem i tillegg. Det er lagt inn fleire føringar på beløpet på kr 3,6 mrd:
i) Endringar i befolkningssamansetninga gjev kommunesektoren utfordringar som medfører meirutgifter. Kr 2,2 mrd. skal finansierast innanfor veksten i frie inntekter.
ii) Overslag viser at auken i kommunane sine samla pensjonskostnader er om lag kr 300 mill. i 2017. Desse kostnadane må dekkast av veksten i dei frie inntektene.
iii) I tillegg kjem satsingar på tiltak som er finansiert frå veksten i frie inntekter på i alt kr 700 mill:
- kr 200 mill. skal gå til tidleg innsats i barnehage og skule
- kr 300 mill. skal gå til auka satsing innanfor rusomsorg
- kr 200 mill. skal gå til førebyggande tiltak, jf. den nye barnevernsreforma
Dette inneber at handlingsrommet for kommunane er på om lag kr 400 mill. innanfor det samla beløpet frå veksten i fri inntekter.
Inntektssystemet i 2018
Som ei følge av endringar i innbyggartal og distriktsindeks, kan det vere endringar i berekningane av inntekter for nokre kommunar i 2018. Bortsett frå dette er det berre mindre endringar i inntektssystemet. For regionalpolitiske tilskot, dvs. distriktstilskot Sør-Noreg, distriktstilskot Nord-Noreg, storbytilskot, småkommunetilskot og veksttilskot, vert satsane ikkje prisjustert. Dette inneber at desse tilskota i realverdiar blir lågare. Dette blir motsvara av eit høgare innbyggartilskot, noko som inneber ei vektlegging av fordeling per innbyggar meir enn fordeling per kommune.
Tabell 2 syner ei oversikt over ulike tilskot for kommunane i Møre og Romsdal.
Vedlikehaldstilskotet som hadde som føremål å bidra til auka aktivitet på Sør- og Vestlandet for kommunar som var særleg ramma av nedgangen i petroleumsrelaterte næringar, blir ikkje vidareført i 2018.
Tal i tusen kr. Kommune |
Innbyggar-tilskot |
Distrikts-tilskot Sør-Noreg |
Region-senter-tilskot |
Veksttilskot |
Storby-tilskot |
Skjønstilskot |
Rammetilskot 2018 |
1502 Molde |
606 065 |
0 |
4 430 |
0 |
0 |
2 100 |
612 595 |
1504 Ålesund |
1 004 264 |
0 |
5 422 |
0 |
0 |
7 900 |
1 017 586 |
1505Kristiansund |
578 173 |
0 |
0 |
0 |
0 |
1 800 |
579 973 |
1511 Vanylven |
104 245 |
4 683 |
0 |
0 |
0 |
1 280 |
110 208 |
1514 Sande |
82 714 |
4 435 |
0 |
0 |
0 |
1 828 |
88 977 |
1515 Herøy |
212 460 |
0 |
0 |
0 |
0 |
3 002 |
215 462 |
1516 Ulstein |
204 326 |
0 |
0 |
394 |
0 |
340 |
205 060 |
1517 Hareid |
137 093 |
0 |
0 |
0 |
0 |
610 |
137 703 |
1519 Volda |
227 587 |
0 |
3 392 |
0 |
0 |
1 360 |
232 339 |
1520 Ørsta |
279 550 |
0 |
0 |
0 |
0 |
580 |
280 130 |
1523 Ørskog |
71 483 |
2 772 |
264 |
0 |
0 |
90 |
74 609 |
1524 Norddal |
65 590 |
5 543 |
0 |
0 |
0 |
1 250 |
72 383 |
1525 Stranda |
133 691 |
2 491 |
0 |
0 |
0 |
180 |
136 362 |
1526 Stordal |
42 937 |
5 543 |
0 |
0 |
0 |
832 |
49 312 |
1528 Sykkylven |
194 958 |
0 |
0 |
0 |
0 |
310 |
195 268 |
1529 Skodje |
121 181 |
0 |
536 |
1 825 |
0 |
190 |
123 732 |
1531 Sula |
249 417 |
0 |
0 |
0 |
0 |
760 |
250 177 |
1532 Giske |
203 036 |
0 |
0 |
2 094 |
0 |
330 |
205 460 |
1534 Haram |
238 759 |
0 |
1 070 |
0 |
0 |
3 153 |
242 982 |
1535 Vestnes |
159 897 |
5 009 |
0 |
0 |
0 |
2 360 |
167 266 |
1539 Rauma |
213 676 |
5 613 |
0 |
0 |
0 |
330 |
219 619 |
1543 Nesset |
91 507 |
5 543 |
489 |
0 |
0 |
1 435 |
98 974 |
1545 Midsund |
73 889 |
2 772 |
344 |
0 |
0 |
1 222 |
78 227 |
1546 Sandøy |
48 428 |
4 990 |
143 |
0 |
0 |
400 |
53 961 |
1547 Aukra |
104 689 |
0 |
0 |
508 |
0 |
0 |
105 197 |
1548 Fræna |
258 522 |
0 |
2 975 |
0 |
0 |
4 240 |
265 737 |
1551 Eide |
105 303 |
0 |
1 055 |
0 |
0 |
1 249 |
107 607 |
1554 Averøy |
151 031 |
0 |
0 |
0 |
0 |
1 230 |
152 261 |
1557 Gjemnes |
83 411 |
3 326 |
0 |
0 |
0 |
1 511 |
88 248 |
1560 Tingvoll |
105 826 |
5 543 |
0 |
0 |
0 |
770 |
112 139 |
1563 Sunndal |
196 835 |
8 947 |
0 |
0 |
0 |
570 |
206 352 |
1566 Surnadal |
162 293 |
7 708 |
0 |
0 |
0 |
1 170 |
171 171 |
1567 Rindal |
68 323 |
5 543 |
0 |
0 |
0 |
110 |
73 976 |
1571 Halsa |
60 744 |
5 543 |
0 |
0 |
0 |
610 |
66 897 |
1573 Smøla |
75 627 |
5 543 |
0 |
0 |
0 |
640 |
81 810 |
1576 Aure |
142 354 |
5 103 |
0 |
0 |
0 |
790 |
148 247 |
Fordelast gjennom året |
|
|
|
|
33 168 |
33 168 |
|
Møre og Romsdal |
6 859 884 |
96 650 |
20 120 |
4 821 |
0 |
79 700 |
7 061 175 |
Tabell 2: Tilskot for kommunane i Møre og Romsdal i 2018.
Inntektsgarantiordninga (INGAR)
Grenseverdien i inntektsgarantiordninga (INGAR) aukar frå 300 til 400 kroner per innbyggar i 2018. Det vil seie at ingen kommunar skal ha ein berekna årleg vekst i det totale rammetilskotet som er lågare enn 400 kroner per innbyggar samanlikna med berekna vekst for landsgjennomsnittet. Endringar i inntektene som følge av endringar i skatteutjamning eller skatteinngang blir ikkje kompensert gjennom ordninga. Det blir heller ikkje endringar i skjønstilskot, veksttilskot og saker med særskild fordeling. Inntektsgarantiordninga for 2018 blir berekna med utgangspunkt i rammetilskotet til kommunane etter Revidert nasjonalbudsjett 2017.
Overgangsordning gradert basistilskot (kommunereform)
Kommunar som slår seg saman og som i overgangsfasen fram til samanslåinga trer i kraft får redusert basistilskot, blir kompensert for dette fram til 1.1.2020. I 2017 vart dette gjort ved skjønstilskot, men er for 2018 vidareført gjennom innbyggartilskotet med særskild fordeling.
Regionsentertilskot (kommunereform)
Kommunar som ikkje mottar storbytilskot, blir tildelt regionsentertilskot når den nye samanslåtte kommunen har meir enn om lag 8000 innbyggarar. Nasjonalt var tilskotsramma kr 100 mill. for 2017 (halvårsverknad). I 2018 blir tilskotsramma kr 200 mill. (beløpet blir ikkje prisjustert).
Tilskotet blir høvesvis fordelt med ein sats på 40 prosent per innbyggar, og ein sats på 60 prosent per samanslåing.
Inndelingstilskot (kommunereform)
Kommunar som får bortfall av basistilskot og distriktstilskot ved kommunesamanslåingar vil få årlege inndelingstilskot frå og med det året samanslåinga er ein realitet. Dei årlege tilskota vil bli utbetalt i ein periode på 15 år, for deretter å bli gradvis trappa ned i ein femårsperiode til det tar slutt etter i alt 20 år.
Ufrivillig åleine (kommunereform)
Kommunar som er ufrivillig åleine etter kommunereforma og som tapte på endringane i basistilskotet og småkommunetillegget frå 2017 til 2018, blir kompensert for dette med same fordeling som i 2017 med priskompensasjon.
Nokre aktuelle saker
Barnevern
På bakgrunn av at Stortinget har vedtatt ei barnevernsreform, har kommunane fått eit større fagleg og økonomisk ansvar for barnevernet. Derfor har regjeringa føreslått at kr 200 mill. av veksten i dei frie inntektene blir grunngitt i førebyggande tiltak for barn, unge og familiar.
Barnehage
Foreldrebetalinga er føreslått auka med kr 110 per månad, og rammetilskotet blir redusert tilsvarande anslagsvis kr 301,5 mill. Stortinget løyvde vel kr 170 mill. i budsjettforliket om 2017-budsjettet til fleire barnehagelærarar. Desse midla vart overført til rammetilskotet i Revidert nasjonalbudsjett.
Opptrappingsplan for rusfeltet
I 2018 blir ei ytterlegare løyving til rusområdet føreslått, av desse kjem kr 300 mill. gjennom ei styrking av dei frie inntektene. Midla blir fordelt mellom kommunane etter delkostnadsnøkkelen for sosialhjelp.
Helsestasjon og skulehelseteneste
Satsinga på helsestasjon og skulehelsetenesta vert føreslått vidareført i 2018 med i underkant av kr 754 mill. gjennom rammetilskot, og kr 287 mill. i øyremerka tilskot. Fordelinga av midla blir gjort ut i frå talet på innbyggarar som er 19 år eller yngre. Alle kommunane er garantert eit minimumsbeløp på kr 100 000.
Tilskot til rekruttering av psykologar
Frå og med 2020 skal alle kommunar ha psykologkompetanse. Tilskotet for kommunane for tilsettingar av psykologar blir vidareført.
Ressurskrevande tenester
Tilskot til ressurskrevande tenester inneber ei toppfinansiering av særleg store utgifter for tenester til einskilde brukarar. Personar som er eldre enn 67 år er ikkje omfatta av ordninga.
Innslagspunktet for å få kompensasjon blir auka per brukar med kr 78 000 til kr 1,235 mill. for netto utgifter frå 2016 til 2017. Dermed vil innslagspunktet auke med kr 50 000 ut over prisjustering.
For 2018 blir kompensasjonsgraden vidareført, det vil seie 80 prosent av netto utgifter som ligg over innslagspunktet.
Heildøgns omsorgsplassar
Stortinget har vedtatt å endre investeringstilskotet til heildøgns omsorgsplassar i kommunane med verknad frå og med 2021 til berre å gjelde plassar som gir netto tilvekst, slik at det berre blir gitt støtte til prosjekt som aukar det totale talet på plassar. Regjeringa føreslår eit investeringstilskot til om lag 1 800 heildøgns omsorgsplassar i 2018, kor 40 prosent blir øyremerka netto tilvekst av nye plassar. Personar med behov for heildøgns helse- og omsorgstenester uavhengig av alder, diagnose og funksjonshemming er målgruppa for ordninga.
Dagaktivitetsplassar for demente
Ved Demensplan 2020 vil kommunane få ei lovfesta plikt frå 1. januar 2020 om å tilby eit tilrettelagt dagaktivitetstilbod for personar med demens som bur heime. Som del av denne planen vil tilskotsordninga bli vidareført, med framlegg om å legge til rette for 350 nye plassar i 2018.
Tidleg innsats
Regjeringa si satsing Tidleg innsats skal bidra til å fange opp utfordringar i barnehage og skule tidleg, og gi dei rask oppfølging. Av veksten i kommunane sine frie inntekter er kr 200 mill. grunngitt med tidleg innsats i barnehage og skule. Av desse blir kr 100 mill. fordelt etter delkostnadsnøkkelen for barnehage, og kr 100 mill. etter delkostnadsnøkkelen for skule.
Båt og ferje (fylkeskommunane)
I framlegget til statsbudsjett for 2018 blir det gitt ei særskild fordeling på kr 100 mill. til båt og ferje i fylka. Av desse midla er Møre og Romsdal fylke tilgodesett med vel kr 14,7 mill. Det blir tatt sikte på å vidareføre midla òg i 2019. Fordelingar utover 2019 blir tatt opp til ei nærmare vurdering i samband med gjennomgangen av inntektssystemet for fylkeskommunane.
Kontaktpersonar
-
Sissel Hol
Tlf: 71 25 84 49 / 94 98 55 44