Fordeling av ekstra skjønnsmidlar til kommunane i Møre og Romsdal i samband med koronapandemien
I samband med utbrotet av koronaviruset har Stortinget vedteke å auke skjønnsramma til kommunane i landet med 400 millionar kroner.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 17.04.2020
Fylkesmannen har fordelt dei ekstra skjønnsmidlane til kommunane i Møre og Romsdal i samband med koronapandemien. For kommunane i Møre og Romsdal utgjer dette 19 766 000 kroner. Dei ekstra skjønnsmidlane skal gå til kommunar som har hatt meirutgifter i samband med pandemien og formålet er å dekke uforutsette hendingar i kommunane. Fylkesmannen har valt å fordele midlane etter folketal.
Midlane blir utbetalt gjennom rammetilskotet i mai.
Kontaktpersonar
-
Sissel Hol
Tlf: 71 25 84 49 / 94 98 55 44