Kommunale rammer til drenering av jordbruksjord 2023
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fordelt ei samla ramme på 6 340 000 kroner til kommunane for ordninga tilskot til drenering av jordbruksjord.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Nasjonalt er det sett av 68 millionar kroner til tilskot til drenering, der 66 millionar er fordelt i fylkesvise rammer. Møre og Romsdal har fått tildelt 2 millionar kroner. Ubrukte midlar frå 2022, som utgjer i overkant av 7 millionar kroner, er lagt til denne summen.
For 2023 er det nok midlar til at alle kommunane har fått det beløpet dei har meldt inn som behov. Etter den fyrste kommunevise fordelinga er det att i overkant av 3 millionar kroner som ikkje er fordelt. Sidan det er mykje midler disponibelt, ønskjer vi at kommunane melder inn ekstra behov fortløpande.
Kommunevis fordeling for 2023
Aukra |
200 000 |
Smøla |
600 000 |
Aure |
400 000 |
Stranda |
100 000 |
Averøy |
300 000 |
Sula |
50 000 |
Fjord |
60 000 |
Sunndal |
150 000 |
Giske |
200 000 |
Surnadal |
300 000 |
Gjemnes |
500 000 |
Sykkylven |
100 000 |
Hareid |
20 000 |
Tingvoll |
400 000 |
Herøy |
30 000 |
Ulstein |
20 000 |
Hustadvika |
1 000 000 |
Vanylven |
250 000 |
Kristiansund |
50 000 |
Vestnes |
200 000 |
Molde |
500 000 |
Volda |
200 000 |
Rauma |
50 000 |
Ørsta |
200 000 |
Sande |
60 000 |
Ålesund |
400 000 |
|
|
SUM |
6 340 000 |
Føremålet med tilskot til drenering er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord med potensial for auka matproduksjon, samt å redusere faren for erosjon og overflateavrenning av næringsstoff til vassdrag.
Ordninga skal forvaltast etter forskrift om tilskudd til drenering av jordbruksjord med tilhøyrande rundskriv.
Ta kontakt med din kommune om du vil søkje om tilskot til drenering
Det er kommunen som mottar og behandlar søknader, og fattar vedtak om tilskot til drenering. For meir informasjon om ordninga og søknadsfristar, sjå kommunens utlysing eller ta kontakt med din kommune.