Høyring av revidert forvaltningsplan for rovvilt i region 6 Midt-Norge
Rovviltnemnda i region 6 Midt-Norge har sendt utkast til revidert forvaltningsplan for rovvilt ut på offentlig høyring. Høyringsfrist er 10. september 2023.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det blir vist til brev datert 9. juni 2023 der rovviltnemnda i region 6 sender ut høyringsutkast til ny forvaltningsplan for store rovdyr i region 6 Midt-Norge. I medhald til framdriftsplanen i oppstartsmeldinga blir det arrangert opne høyringsmøte i løpet av høyringsperioden. Frist for å levere høyringssvar er satt til 10. september 2023.
Forvaltningsplan for rovdyr i region 6 blei første gong vedtatt i november 2006. Revideringa av forvaltningsplanen skal ta utgangspunkt i gjeldande plan som ble godkjent av rovviltnemnda den 22. mars 2018. Høyringsutkast til ny forvaltningsplan finn du i høgremargen.
Høyringsmøte
Rovviltnemnda i region 6 Midt-Norge inviterer til følgande opne høyringsmøte i samband med revideringa av forvaltningsplan for rovvilt i region 6. Møta startar kl. 10.00 og varer til kl. 13.00.
- 27. juni – Åndalsnes – Grand Hotel
- 28. juni – Stjørdal – Scandic Hell hotel
Agenda
- Velkommen
- Gjennomgang av høyringsutkast revidert forvaltningsplan
- Lunsj
- Innspel frå deltakarane
Påmelding
Begge høyringsmøte er opne for alle, men krev påmelding for at alle skal få sitteplass og lunsj. Vi ber om tilbakemelding innan utgangen av onsdag den 21. juni 2023 på kven som kjem, og på kven som ønsker å presentere innspel i møte.
- Påmelding til møtet i Åndalsnes sendast til: marianne.halse@statsforvalteren.no
- Påmelding til møtet på Stjørdal sendast til: stine.krogfjord@statsforvalteren.no