Større omsetning av økologiske grønnsaker, frukt og bær

Verdien i omsettinga av økologiske grønnsaker, poteter, frukt og bær har blitt dobla på to år, fra ca. 270 mill. kroner i 2012 til ca. 550 mill. kroner i 2014.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.02.2016

Auken har berre i begrensa grad blitt dekt av større norsk produksjon. Dette skjer trass i at mykje av veksten kom på produkt som gulrot, kål, løk, poteter og eple, som fint kan produserast i Norge.

Det er ei målsetting at auka forbruk først og fremst skal dekkast av norsk produksjon, når forholda ligg til rette for det. Dette er bakgrunnen for at Landbruksdirektoratet i 2015 fekk i oppdrag frå jordbruksoppgjeret å sjå nærare på utfordringane innan produksjon og marknad for økologiske grønsaker, frukt og bær.

Landbruksdirektoratet har nyleg presentert rapporten «Muligheter og flaskehalser i produksjon og marknad for økologisk frukt, bær og grønnsaker.» Den er utarbeidd i lag med føregangsfylka Vestfold, Hordaland og Sogn og Fjordane. Som ein del av utgreiinga har NIBIO gjort ei undersøking av flaskehalsar i ulike ledd i verdikjeda. I tillegg har det vore møte med sentrale aktørar i handelen med økologisk grønt. Utgreiinga er isolert til verdikjeda som rettar seg mot dagligvarehandelen, sidan den står for 70-80 prosent av omsettinga.

Les meir om saka, og studer rapporten på Landbruksdirektoratet.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.