Landbruks- og matministeren besøkte Ørsta
Den 26. februar arrangerte Ørsta kommune saman med Ørsta næringskontor, lokale bondelag og politiske parti Landbrukskonferansen 2016 i Kulturhuset i Ørsta. «Vestlandsbonden» var tema for dagen, og landbruks- og matminister Jon Georg Dale var hovudgjest på konferansen. I tillegg til ministeren deltok også leiar i Norsk Landbrukssamvirke Ola Hedstein, 2. nestleiar i Norges Bondelag Brita Skallerud, Kristin Sørheim frå NORSØK på Tingvoll og stortingsrepresentant Jenny Klinge med innlegg om vestlandsbonden.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale innleia med å framheve dei positive sidene i norsk landbruk og matproduksjon: Det norske landbruket produserer trygg mat av god kvalitet, med svært lite bruk av antibiotika. Landbruket er moderne, bøndene tek i bruk ny teknologi, og foredlingsindustrien er flinke til å utnytte ikkje berre råstoff til mat, men også til å utnytte til verdiskaping det som tidlegare var sett på som avfall.
Dale sa at det går an å tene pengar på jordbruk i dag, og at der er mange dyktige bønder som driv godt og som har eit godt innkome frå verksemda si. Bønder må ha lov til å vere stolte av arbeidet sitt, og til å vere stolte av at det går bra.
Landbruksministeren ser det som viktig at heile landet er i bruk og at beitebruken blir oppretthalden. Attgroing er ei av utfordringane vi ser i Noreg i dag. For å hindre endå meir attgroing, er det viktig at kanaliseringspolitikken blir oppretthalden. Vi har også utfordringar med rekruttering inn i bondeyrket, og dessutan er det store investeringsbehovet i landbruket i dag ei vesentleg utfordring. Mjølkeproduksjon er bærebjelken i det vestnorske landbruket, og i mjølkeproduksjonen står vi framfor store investeringar det neste ti-året. Ministeren ville ikkje kommentere lausdriftskravet for storfe, som skal gjelde frå 2024. Han viste i staden til jordbruksmeldinga som han skal legge fram for Stortinget i løpet av hausten 2016.
Landbrukspolitiske grep verkar, sa Dale, og viste til at lammetilskotet snudde underskot på lammekjøt til balanse i marknaden på kort tid. Dale ynskjer å sjå på den situasjonen vi har med underdekning på storfekjøt i dag, for å finne fram til tenlege tiltak som kan auke storfekjøtproduksjonen på same måte som med lammekjøt.
Vi har i dag ei utfordring med å skaffe fram proteinråvarer som kan nyttast i kraftfôr. Dale har tru på at vi – gjennom forsking og utvikling – skal finne fram til gode, norskproduserte proteinkjelder basert på trevirke og/eller tang og tare. Slik forsking tek tid, og inntil vidare vil vi derfor framleis måtte importere dei proteinråvarene vi treng. For å halde oppe og helst auke matproduksjonen i Noreg, er det viktig å stimulere til utbygging av større bruk. Dette vil også vere viktig for å auke rekrutteringa til yrket. Vi må tørre å prioritere dei som vil satse, avslutta Dale.