Tingvollost fekk pris for beste meieriprodukt
Den vellagra blåmuggosten Kraftkar frå Tingvollost AS gjekk av med sigeren for Årets beste meieriprodukt i Det Norske Måltid. Kristin Waagen og Egil Smith-Meyer mottok den gjeve prisen under prisutdelinga i Stavanger torsdag.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 09.01.2015
Tingvollost og familiegarden i Torjulvågen er eit førebilte for småskalprodusentar og bønder over heile landet. Fylkesmannen i Møre og Romsdal er stolte av å ha ei slik føregangsbedrift her i fylket. Vi gratulerer Tingvollost med Årets beste meieriprodukt!