Fire kommuner har kartlagt skogen sin
Omlag 390 skogeigarar i Kristiansund, Gjemnes, tidlegare Eide og Averøy har kartlagt skogen sin. Aldri har det vore gjennomført ei skogkartlegging med så mange interesserte i Møre og Romsdal.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Skogeigarane i dei fire kommunane gjekk saman i eitt prosjekt for å få kartlagt skogen sin. Kartlegginga gir oversikt over skogressursane på einskildeigedomar og på kommunenivå. I tillegg vart det gjort miljøregistreringar som ein må ta omsyn til ved drift av skogen. Allskog gjennomførte kartlegginga og prosjektet blei avslutta i haust.
Stort prosjekt
Førebuingane til prosjektet skjedde gjennom fleire møte i 2018 med skogansvarleg i kommunane og medlemmer frå lokale skoglag. Året etter blei Allskog valt til å gjennomføre oppdraget.
Nesten 390 skogeigarar i dei fire kommunane bestilte oversikt over sin skog. Det har aldri vore gjennomført ei skogkartlegging med så mange interesserte i vårt fylke. Til saman 190 000 dekar produktiv skog blei kartlagt. Det er sett av 2 500 dekar til spesielle miljøverdiar (nøkkelbiotopar). Desse områda skal for ein stor del stå urørt, medan det kan ligge inne forslag på skjøtselstiltak i nokre av dei.
Heile prosjektet fekk ein totalkostnad på nesten fire millionar kroner. Om lag halvparten er dekt med tilskotsmidlar, medan resten fell på skogeigar.
Kvifor kartlegge skogen?
Ei skogoversikt gir detaljert informasjon om skogen. Oversikta vert nytta i planlegging av hogst og ulike skogkulturtiltak, altså til god forvaltning av skogen. Detaljert informasjon om skogen er også nyttig ved planlegging av til dømes skogsvegar. Skogoversikta gir dessutan grunnlag for takst ved eventuelt sal eller overdraging av eigedom.
Saman med kartlegging av skogen vert det også registrert ulike miljøverdiar. Miljøregistrering er eit krav for å kunne levere sertifisert virke, altså at ein driv på ein berekraftig måte. I tillegg til sjølve skogoversikten kan også skogeigar bestille forslag til plan over tiltak ein bør eller kan gjennomføre i skogen.
Sidan ein veit at det er gjennomført omfattande skogreising i Kristiansund, Gjemnes, Eide og Averøy i etterkrigstida er det no svært nyttig å få ei oversikt over desse skogressursane.
Produkt og resultat
Skogoversiktene vert levert som papirkart med tilhøyrande lister med skogdata. Dei siste åra har det vorte enda meir vanleg å få oversiktene digitalt gjennom eit verktøy som heiter Allma. Allma kan nyttast på telefon og nettbrett. Desse kan også nyttast ute i skogen, og GPS-posisjonering gjev høve til å få opp skoglege data for akkurat der ein er.
Resultata frå skogkartlegginga i dei fire kommunane viser at mykje granskog er i ferd med å bli hogstmoden. Skogeigar gjer lurt i å vente med hogst av granskogen sidan den framleis veks godt. Det betyr at skogen forrenter seg betre i skogen enn som pengar i banken. Sidan ein kan vente nokre år med granhogsten er det tid til å planleggje vegar og lunneplassar knytt til framtidig hogst. Skogoversiktene viser at det er ein god del eldre furu som kan avverkast allereie i dag.
Kurs
Det vil i løpet av vinteren bli arrangert kurs for skogeigarar knytt til bruk av skogoversiktene. Skogbruket har ein del faguttrykk og terminologi som vil vere nye for fleire. Kursa vil mellom anna omhandle bruk og forståing av karta, prioritering av tiltak og tømmerressursane sin verdi.
Kontaktpersonar
-
Odd Løset
Tlf: 71 25 84 08 / 99 04 10 06