Ny førebels forskrift om tilskot for å oppretthalde hogstaktivitet i skogbruket 2020
LMD fastsette tysdag 09.06.20 ny førebels forskrift for å oppretthalde hogstaktiviteten i skogbruket i 2020. Ordninga skal vere ei hjelp mot dei negative konsekvensane som følgje av utbrotet av Covid-19, ved å bidra til at skogeigarar i auka grad nyttar heilmekaniserte entreprenørar og taubanelag til hogst gjennom sommaren.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen kan etter den nye forskrifta løyve tilskot til tynning, taubanedrift eller heilmekaniserte drifter, med tilbakeverkande kraft til 12.mai. Tiltaka skal vere skogfagleg forsvarlege, samt ta omsyn til biologisk mangfald, landskapsomsyn, friluftsliv og kulturminne i skog. Kommunane og skogbrukssjef er kontaktpunkt om skogeigar ynskjer å søke tilskot etter ny ordning, og skal førebu saka og sende inn søknadene til Fylkesmannen.
Ordninga trer i kraft straks. Midlane (50 millionar) til denne ordninga er føreslått i revidert nasjonalbudsjett 2020. Førebels dato for handsaming i stortinget er 19. juni 2020. For Møre og Romsdal utgjer tiltakspakka inntil 1,15 millionar kr. Forskrift og dei ulike satsane ligg ved i link under.
Fylkesmannen oppmodar skogeigarar som vurderer drift i sommar til å kontakte kommunane, då denne tiltakspakka berre vil gjelde for drifter ferdig innan 30. november 2020.