Informasjonsbrev veke 48/2023
- Utlysing – skogbruket sine rentemidlar
- Fristar i ØKS
Utlysing – skogbruket sine rentemidlar
Organisasjonar, institusjonar og enkeltpersonar som fremmer interesse for eller utvikling av skogbruket kan søkje om tilskot frå fylkesinntrekte rentemidlar av skogfond i Møre og Romsdal – frist 15. januar 2023.
Kontaktpersonar: Odd Løset og Åslaug Røberg
Siste dag statsforvaltaren betaler ut tilskotsmidlar er søndag 10. desember. Då stenger Lanbruksdirektoratet moglegheita til å utbetale tilskot. Vi har satt onsdag 6. desember som frist for å godkjenne saker i kommunane, dette for å ha tid til å behandle alle saker som er komne inn.
Anna utbetaling av skogfond (utan tilskot) kan sendast inn fram til 29. desember.
Hugs å informere vedtaksgodkjenner om fristane, og sjekk at vedkomande er tilgjengeleg i dagane før slik at alle saker er godkjent i kommunen innan fristen.
Kontaktperson: Åslaug Røberg