Settefylkesmannen negativ til fritidsbustad i landbruksområde
I si klagehandsaming presiserer settefylkesmannen at jordvern skal vektleggast meir enn før i dispensasjonssaker jfr. endring av pbl. § 19-2. Dei skriv også at kommunen må grunngje sine vedtak betre og i tråd med vilkåra i plan- og bygningslova.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Saka gjeld
Det var søkt om frådeling av tomt til fritidsbustad i Aure kommune. Fylkesmannen i Møre og Romsdal vurderte plasseringa som uheldig for landbruksinteressene. Generelt meiner Fylkesmannen at fritidsbustadar ikkje bør byggast på eller i nærleiken av landbruksareal. Dette er med omsyn til både miljømessige ulemper som støv,- støy- og luktplagar bebuarar av fritidsbustaden kan verte råka av, og eventuelle driftsulemper det kan gje for landbruksdrifta.
Kommuneplana er styringsverktøy
Kommuneplana si arealdel er styringsverktøyet for alle kommunar, og skal leggjast til grunn for ei langsiktig og planmessig arealforvaltning til gode for sine innbyggarar og samfunnet for øvrig. Vi vurderte at Aure kommune i si arealplan hadde store områder avsatt til fritidsbustadar som enda ikkje er teke i bruk, og fann det då særs uheldig å utfordre landbruksinteressene med plassering av ein ny fritidsbustad på innmarksbeite. Fylkesmannen i Møre og Romsdal klaga på vedtaket fatta av Aure kommune.
Settefylkesmannen oppheva vedtaket
Settefylkesmannen i Sør-Trøndelag handsama klaga og oppheva vedtaket slik at dispensasjon ikkje kan verte gjeve, og søknad om frådeling av hyttetomt vert avslått.
Grunngjevinga var kort oppsummert slik;
- Kommunen har ikkje grunngjeve sitt vedtak i henhold til dei vilkåra plan- og bygningslova sett krav til
- Landbruksfaglege vurdering hjå administrasjonen i Aure kommune rådde i frå ein dispensasjon som omsøkt
- Jordvern skal vektleggast enda sterkare i dispensasjonssaker jamfør endring av pbl. § 19-2
- Det skal leggast tydeleg vekt på statlege og regionale føringar
- Utstrakt bruk av dispensasjoner undergrev kommuneplana som styringsverktøy
- Personlege omsyn som familiær tilknyting og økonomi skal vanlegvis ikke vektleggast i ein dispensasjonsvurdering
Heile grunngjevinga frå settefylkesmannen, samt klaga fra Fylkesmannen i Møre og Romsdal, finn du som vedlegg.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil på nytt presisere at kommunane må grunngje sine vedtak i henhold til lova. «Dispensasjon kan ikkje gis viss omsyna bak bestemmelsen det vert dispensert ifrå, eller omsyna i lovens formålsbestemmelse, vert vesentleg tilsidesett. I tillegg må fordelane ved å gi dispensasjon vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering.» Begge vilkåra må vere oppfylt, og som nemt er ikkje personlege omsyn relevante i ein dispensasjonsvurdering.
Legg meir vekt på jordvern
Fylkesmannen vil også igjen vise til lovendringa i pbl. § 19-2; «Ved dispensasjon frå lova og forskrifta til lova, skal det særskilt leggjast vekt på dispensasjonens konsekvenser for helse, miljø, jordvern, sikkerheit og tilgjengelegheit». Vi ber om at kommunane i Møre og Romsdal tek dette til etterretning, og vektlegg jordvern høgare i sine dispensasjonssaker frå no av.
Viktige moment for jordvern ved dispensasjonspraksis
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fått medhald i to klagesaker om jordvernomsyn. Vurderingskriteria i begge desse sakene gjeld alle dispensasjonsvurderinger, som handlar om omdisponering av landbruksareal, og kan vere ei nyttig rettesnor i framtidig sakshandsaming for kommunane i Møre og Romsdal.