Jordvernmål nyttar
Møre og Romsdal har nådd jordvernmålet 5 år på rad. I Landbruksmelding for Møre og Romsdal 2017-2021 vedtok fylkestinget sitt første regionale jordvernmål på 200 dekar. Det har gitt resultat (figur 1).
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Nytt og skjerpa regionalt jordvernmål vart fatta i 2022 gjennom Fylkesstrategi for landbruk 2023-2026. No er målet maksimal omdisponering av 100 dekar dyrka mark årleg.
Bustadar er hovudårsaka til tap av dyrka mark i Møre og Romsdal. I perioden 2015-2022 har 44 prosent av matjorda vorte omdisponert til bustadføremål (figur 2). Mange kommunar har sett av store område med dyrka mark til andre føremål i sine gjeldande arealplanar. Skal vi nå det nye regionale jordvernmålet på 100 dekar, lyt desse areala førast tilbake til landbruksføremål. Dette har også regjeringa omtala i sitt brev til kommunane og fylkeskommunane med oppmoding om å ta vare på matjorda.
Stortinget sitt nasjonale jordvernmål er at ikkje meir enn 2 000 dekar matjord kan byggast ned per år. Dette er ei innskjerping på 1 000 dekar frå førre målsetting. Jordvernstrategien er tydeleg på at vern av matjorda må verte høgt prioritert i kommunane sin arealpolitikk for å nå målsettinga.
Figur 1
Figur 2
Kontaktpersonar
Faktaboks
Denne artikkelen er fyrst publisert i Møre og Romsdal Fylkeskommune sin Fylkesstatistikk
Fylkesstatistikk 2023 - Møre og Romsdal (mrfylke.no)