Kom med innspel til nasjonal jordvernstrategi
Har du tankar og meiningar om korleis vi skal ta vare på matjorda? No har du moglegheita til å bidra. Kanskje dine innspel vert ny nasjonal politikk?
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Stortinget fatta i juni 2022 eit anmodningsvedtak, der Regjeringa vart bedd om å leggje fram ein ny jordvernstrategi med nytt og skjerpa mål for omdisponering av matjord, og nye, konkrete tiltak for å nå målet. Strategien skal leggjast fram våren 2023. Dette er bakgrunnen for at Landbruks- og matdepartementet har satt i gang eit arbeid med å oppdatere den nasjonale jordvernstrategien.
Innspel innan 6. mars
Du vert invitert til å gi innspel til departementet sitt arbeid med jordvernstrategien. Innspel kan sendast til departementet sin e-postadresse postmottak@lmd.dep.no innan 6. mars 2023.
Meir informasjon finn du her