Mykje matjord i fare for nedbygging i Møre og Romsdal
Det er stor aktivitet i arealplanlegginga rundt om i Møre og Romsdal, og ein del planlagte tiltak byr på interessekonflikter mellom bruk og vern. Fylkesmannen har myndigheit til å fremje motsegn til planer som bryt med viktige nasjonale interesser, blant anna bevaring av matjord. Her kjem ei oversikt over 6 kommuneplanar og vår landbruksfaglege vurdering av desse.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Mange kommunar i fylket arbeider med planlegging av kva areala skal brukast til i åra som kjem, dette skjer gjennom utarbeiding av kommuneplanens arealdel som skal vere styringsverktøyet for kommunane og innbyggjarane. Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal arbeide for at jordvernet, som er ei nasjonal og regional viktig interesse, vert teke omsyn til i planlegginga. Dette for å sikre viktig og tilstrekkeleg næringsareal til landbruket og matproduksjon til innbyggjarane i Norge.
For alle planer har Fylkesmannen fremja motsegn til føresegnene til LNF-områda, her med eksempel frå Halsa kommune;
Føresegna i § 3 er knytt til LNF-område og LNF-spreidd. Det er ikkje gitt føresegn som i tilstrekkeleg grad viser omfang og lokalisering for bustadbygging i LNF-spreidd slik pbl. § 11-11 nr. 2 krev. Blant anna må ein ha lokaliseringskriterium som at bygging ikkje skal skje på dyrka mark (fulldyrka, overflatedyrka og innmarksbeite) og større samanhengande dyrkbare område. Tilkomstveg skal ikkje byggast på eller fragmentere landbruksareal, og det anbefalast ei byggegrense på minimum 30 meter til dyrka mark. Fylkesmannen har motsegn til dette er nærmare avklart.
Her kjem ein kort oversikt over kommuneplaner som har vore på offentleg ettersyn den siste tida, og der Fylkesmannen har fremja motsegn på vegne av landbruksinteressene.
Halsa kommune:
- Motsegn til føresegnene til kommuneplana.
- Rår sterkt til at næringsareal på Rødmyra vert redusert for å hindre framtidig nedbyggingspress på matjord
Sunndal kommune:
- Motsegn til føresegnene til kommuneplana.
- Ingen motsegn på forslag til arealbruken
Sykkylven kommune:
- Motsegn til føresegnene til kommunedelplana.
- 10 motsegn på arealbrukskonflikter mellom nedbygging og matproduksjon
Skodje kommune:
- Motsegn til føresegnene til kommuneplana.
- 2 motsegn på arealbrukskonflikter mellom nedbygging og matproduksjon
Gjemnes kommune:
- Motsegn til føresegnene til kommuneplana.
- 6 motsegn på arealbrukskonflikter mellom nedbygging og matproduksjon.
Alle brev med utfyllande informasjon om motsegnene ligg som vedlegg. For informasjon om arbeidet med arealplanane og status for desse, viser vi til heimesida til dei respektive kommunane.