Matgledekorpset på ny turne i Møre og Romsdal
No kan fleire kommunar i fylket få besøk av matgledekorpset – om dei melder interesse. Landbruks- og matdepartementet har gitt nye midlar til satsinga.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
– Departementet arbeider med å skape meir mat- og måltidsglede hos eldre. Eitt av tiltaka deira er regionale Matgledekorps. Korpsa reiser rundt på institusjonar. Dei bidrar med inspirasjon og konkrete praktiske løysingar som kan føre til betre måltidsoppleving og brukartilpassa mat i institusjonane, seier Marie Teigland som leiar prosjektet hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Ho legg til at korpsa kan føre til ein betre kvardag for både dei tilsette og dei som bur på institusjonane.
Arbeidsseminar for fleire institusjonar
I 2022 fekk Møre og Romsdal midlar til matgledekorps for første gong.
– I år vel vi ut tre institusjonar som får besøk av matgledekorpset. Institusjonane skal vere med å arrangere eit arbeidsseminar for sine eigne tilsette, både leiing, pleiepersonell og kjøkkenpersonell. Også tilsette ved institusjonar i nærområdet vert invitert til å delta, fortel Teigland.
Arbeidsseminara vil bestå av innlegg frå Matgledekorpset, og av samtale om ulike problemstillingar som mange har i arbeidskvardagen i kjøkken og i avdelingane ved institusjonane.
Webinarserie
I etterkant av arbeidsseminara vil det blir laga ein webinarserie.
– Denne skal bli gjort tilgjengeleg for alle tilsette ved institusjonar her i fylket, fortel Teigland.
Må søke for å få besøk
For å få besøk av Matgledekorpset må leiinga, avdelinga og kjøkkenet ved ein institusjon gå i lag om å søke. Besøket skal også vere forankra hos kommuneleiinga.
– Tre institusjonar som ligg spreidd i fylket, vil bli valt ut til å delta, seier Teigland.
Ho fortel at institusjonane som blir valt vil ha ein vertskapsrolle opp mot seminaret.
– Dei vil kunne vere med å bestemme kvar for tema som vi skal ta opp og kva for konkrete problemstillingar som skal bli drøfta.
Elles vil Matgledekorpset 2023 stå for resten av innhald og organisering. Korpset består også i år av kokkane Olav Kåre Jørgensen og Merethe Bolstad, ernæringsfysiolog Anna Øien Sønslien og restauranteigar Stian Røsand.
Matglede i institusjonane
– God mat legg grunn for god helse og livskvalitet heile livet. Å ha ei god oppleving av måltida kan bidra til at eldre spis betre og redusere underernæring, seier seniorrådgivar Greta Irene Hanset på helse- og sosialavdelinga til Statsforvaltaren.
Landbruks- og matdepartementet har dei siste 5-6 åra arbeidd med å auke mat- og måltidsglede, særleg hos eldre menneske. Her har dei merksemd på smakelege måltid, mattradisjon, bruk av lokale råvarer og rettar og ressursutnytting.
Greta Hanset har lang erfaring frå arbeid i institusjon, og veit at det å ha måltid i lag kan skape fellesskap og gode samtaler i institusjonen,
– Mat som ser god ut, og som duftar og smakar godt skaper matglede. Ro og ramme rundt måltidet, kanskje med blomar og ljos på bordet i selskap med andre, kan også auke trivselen, seier Hanset.
Besøka vert tidleg på hausten
Fristen for å søke om besøk av matgledekorps er 31. mai i år. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal vil koordinere arbeidet.
Arbeidsseminara på dei tre institusjonane vil gå føre seg i september og oktober.
Matgledekorpset vil legge opp besøka ut frå ønsker og behov hos sjuke- og/eller aldersinstitusjon som er vertskap har. Dei vil også snakke om hygge og trivsel rundt måltid, nærleik mellom kjøkken og avdeling, samhandling og brukarinvolvering, råvarer, rettar og ernæring/kosthald.
Kontaktpersonar
Slik går de fram for å søke
Søk innan 30. mai om din institusjon vil vere vertskap for matgledekorpset.
Bruk dette skjemaet når de søker ...
Vertskaps-
institusjonen får:
- Vere vert for ei fagsamling der Matgledekorpset stiller med innhald
- Komme med konkrete innspel og ønske til tema for arbeidsseminaret
- Ei gjennomgang med matgledekorpset for å sjå på løysingar på konkrete utfordringar i forkant av arbeidsseminaret.
- Vere med på å forme innhald i webinar som skal bli laga etter arbeidsseminara
- Gratislisens for bruk av e-læringskurset om mat- og måltidsglede
Vertskaps-
institusjonen må:
- Legge til rette for arbeidsseminaret (stille med lokale)
- Spreie informasjon om seminaret til nærliggande institusjonar – og invitere dei med
- Servere enkel lunsj til deltakarane (prosjektet dekker kostnadene til dette).