Kjemisk behandling av elvane i Drivaregionen frå midten av august

Driva skal bli behandla med klor.
Driva skal bli behandla med klor. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal / Geir Moen.

Statsforvaltaren søker Miljødirektoratet om løyve til å behandle Driva og Litldalselva med klor, og Usma og Batnfjordselva med rotenon. Målet er å utrydde lakseparasitten Gyrodactylus salaris.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.03.2022

Gyrodactylus salaris er ein svært alvorleg trussel for villaksen. Mattilsynet har derfor pålagt Statsforvaltaren i Møre og Romsdal å gjennomføre tiltak for å utrydde parasitten frå infiserte vassdrag i Drivaregionen. Her har Gyrodactylus salaris vore påvist sidan 1980.

Klor som hovudkjemikalie

– I Driva og Litldalselva vil kloramin for første gong bli brukt som hovudkjemikalie for å utrydde Gyrodactylus salaris. Klor tek ikkje livet av fisken i motsetning til rotenon. Sidebekkar og sideelver vil likevel i større eller mindre grad måtte bli behandla med rotenon (CFT-Legumin). I Batnfjordselva, Usma og andre elver vil det bli brukt rotenon, fortel Jon Ivar Eikeland, fagsjef ved miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og leiar av koordineringsgruppa for tiltaket i Drivaregionen.

Statsforvaltaren har søkt Miljødirektoratet om løyve etter forureiningslova, lakse- og innlandsfiskelova og naturmangfaldlova for å gjennomføre den kjemiske behandlinga.

Sjå heile søknaden her … 

Gjennomføring på seinsommaren i 2022 og 2023

Veterinærinstituttet er nasjonalt kompetansesenter i arbeidet for å utrydde Gyrodactylus salaris, og for genbankvirksomhet, bevaring og reetablering. Dei har utgreia moglegheita for ei vellukka behandling og har utarbeida ein plan for dette. Veterinærinstituttet skal på oppdrag frå Miljødirektoratet og Statsforvaltaren stå for den praktiske gjennomføringa av behandlinga.  I tillegg har dei på oppdrag frå Statsforvaltaren revidert Plan for reetablering og bevaring av lokale bestandar av sjøaure og laks for vassdraga Driva, Litledalselva, Usma og Batnfjordselva.

Utredninga for kjemiske tiltak kan du lese her:
«Kjemiske tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris i Drivaregionen» ...

Kjemiske tiltak  i Drivaregionen skal skje i to periodar, i august/september 2022 og i same periode i 2023.

Må behandle sidebekkar og elver

– Sidebekkar, sig og mindre elver skal også bli behandla fordi fisk med parasitten kan opphalde seg her midlertidig. I midtre del av Drivaregionen blir det sett av eit overvakingsområde, som ikkje skal behandlast så lenge det ikkje blir påvist smitte der, fortel Eikeland.

Han seier at dei no må gå grundig til verks for å sikre eit godt resultat.

Fiskesperrer reduserer behandlingsområde

Ei fiskesperre som blei etablert ved Snøvassmælan i 2017 skal hindre laks i å gå lenger opp i Driva for å gyte. Tiltaket skulle slik legge til rette for kjemisk behandling av vassdraget. Det er også ei fiskesperre i Fallfossen i Usma. Fiskesperrene reduserer behandlingsområdet betydeleg.

I fjor sommar gjennomførte NIVA, NINA og Veterinærinstituttet eit forsøk med klorbehandling i den delen av Driva som er nedstrøms fiskesperra. 27 sidebekkar var også inkludert i forsøket.

– Vi veit ikkje sikkert om all ungfisk som er bærar av parasitten vil ha flytta seg nedstrøms sperra innan august 2022. Veterinærinstituttet har laga ein plan for kjemisk behandling, som tar høgde for denne usikkerheita, seier Eikeland.

Vil bevare dei lokale fiskebestandane

Inkludert i planen for behandling, er også ein plan for å bevare dei lokale bestandane av fisk.

– Vi skal sikre at dei viktige bestandane av laks og sjøaure i Drivaregionen blir reetablert så godt det let seg gjere, avsluttar Jon Ivar Eikeland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Behandling av infiserte vassdrag

  • Gyrodactylus salaris har vore påvist i 51 norske vassdrag og i 17 smitteregionar. Det er så langt gjennomført kjemisk behandling i 43 vassdrag i 15 smitteregionar. 39 vassdrag og 14 smitteregionar er friskmeld, medan fire vassdrag fordelt på 2 smitteregionar er under friskmelding.
  • Mattilsynet har myndigheit til å pålegge kjemisk behandling av infiserte vassdrag. Statsforvaltaren skal sørge for at tiltaket vert gjennomført.
  • Den regionale koordineringsgruppa for Drivaregionen er leia av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Den har og medlemmar frå Miljødirektoratet, Mattilsynet, Veterinærinstituttet, Statsforvaltaren i Trøndelag og Sunndal kommune.
  • Driva er det største vassdraget i Møre og Romsdal, og har utspring i sentrale deler av Dovrefjell. Laksen beveger seg over 85 km, frå Sunndalsøra til Magalaupet i Oppdal.

Ope møte om kjemisk behandling av Driva og Litledalselva

Torsdag 31. mars klokka 18.00 i Sunndal rådhus, kommunestyresalen.

Representantar frå Miljødirektoratet, Statsforvaltaren, Veterinærinstituttet og Sunndal kommune vil vere til stades.

Møt i rådhuset, eller følg møtet digitalt på kommunen sin nettside og Facebookside.

Enkel servering.

Les meir her ...