Endra løyve for Hofseth Biocare AS

Hofseth Biocare AS har 12. april 2018 fått endra utsleppsløyve frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal for produksjon ved anlegget på Stormyra i Midsund kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.04.2018

Løyvet regulerer mellom anna utslepp til vatn og luft, og støy. Det er stilt krav til målingar av utslepp og rapportering til forureiningsmyndigheitene.

Løyvet kan lesast her. Innsyn i saksdokumenta kan ein få ved å kontakte Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Vedtaket om løyve kan klagast inn for Miljødirektoratet innan 3 veker. Ei eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.